Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Amyotrofisk lateralsklerose

ALS, muskelsvinnsjukdom (Amyotrofisk lateralsklerose)

ALS er ein sjeldan progressiv nervesjukdom som forårsakar gradvis svinn av motornevronar i hjerneborken og ryggmergen. Dei første symptoma ved ALS er ofte svekking i ein arm, i eit bein eller utydeleg tale. Hos somme kan ALS gi kognitive vanskar.

ALS er en sjelden nervesykdom som gjør at nervecellene i hjernen og ryggmargen svekkes og til slutt blir borte. De første symptomene på ALS kan være gradvis svekkelse i et bein, en arm eller utydelig tale. Hos noen kan ALS gi kognitive vansker.

Les meir på helsenorge.no

ALS-teamet tilbyr ALS-pasientar tverrfagleg vurdering og omsorg så tidleg som mogleg etter at diagnosen er fastslått. Vi følgjer deg og dine pårørande gjennom heile forløpet. Samansetninga av det tverrfaglege teamet, og tilbodet som vi gir, kan variere mellom helseføretak.

Teamet er som oftast representert med sjukepleiar, nevrolog, lungelege, sosionom, fysioterapeut, ergoterapeut og klinisk ernæringsfysiolog. Av og til kan det oppstå behov for å trekkje inn andre faggrupper, til dømes logoped og psykiatrisk sjukepleiar. Ein hovudtanke er at det skal vere lett for deg eller dine pårørande å komme i kontakt med teamet, og at medlemmane i teamet kan formidle behov til dei andre dersom det er nødvendig.

Tilvising og vurdering

Pasientar blir viste til nevrologisk vurdering på grunn av diverse plager. Dette kan vere tale-, svelgje- og/eller pustevanskar, svekkingar eller rørslevanskar i éin eller begge armar eller bein. Vi får sjeldan tilvisingar direkte med spørsmål om ALS. Om det ligg grunnlag føre for å mistenkje sjukdommen, prioriterer vi relativt rask innlegging og utgreiing.

På grunn av sjukdommens natur, er det vanskeleg å lage ei tilvisingsrettleiing til fastlegane. Her er ein nøydd til å bruke klinisk skjønn basert på sjukehistoria og symptoma til pasienten.

Utgreiing

Behandling

Oppfølging

Kontakt

Haugesund sjukehus Nevrologisk seksjon

Kontakt Nevrologisk seksjon

Oppmøtestad

Sengeposten 5V finn du i 5. etasje og nevrologisk poliklinikk i 6. etasje. Bruk heisen ved Narvesen i 1. etasje.

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.