Behandling
Amming
Informasjon om ammestart og ammeråd som kan vere nyttige den første tida etter at barnet ditt er fødd.
Dei fleste nyfødde søker brystet rett etter fødselen og er veldig sugevillige. Men sjølv om barnet søker brystet og mor er klar for og innstilt på å amme, kan ammestarten for nokre mødrer og nyfødde by på utfordringar. Nokre kvinner kan oppleve at det å amme ikkje er så lett som dei hadde tenkt seg.
Jordmora du møter på svangerskapskontrollane og jordmødrer, barnepleiarar og helsesøstrer du møter etter fødselen, er der for deg og barnet ditt. Dei kan svare på spørsmåla dine, og gi råd om eller hjelp til amming. Bruk dei.
Før
Kvifor er det bra å amme?
Morsmjølk er den beste maten for nyfødde og spedbarn. Morsmjølka, saman med tilskot av vitamin D frå fire vekers alder, inneheld alle dei næringsstoffa som den nyfødde treng.
I tillegg til at amming er praktisk, hygienisk og rimeleg, gjer amming at livmora trekk seg raskare saman etter fødselen. Delvis amming vil også gi barnet og deg viktige helsegevinstar, så ikkje gi opp amminga om du ikkje får til å fullamme eller barnet ditt treng tillegg av anna mat. All morsmjølk barnet ditt kan få, er viktig for barnet.
Råd og veiledning om tilskudd av annen mat, vil du få av helsesøster når du er på kontroller med barnet ditt på helsestasjonen.
Under
Amming og barnets sugeteknikk
La barnets ansikt vere vendt mot deg. Barnet skal ligge med kroppen sin mot brystet ditt, slik at det slepp å vri hovudet for å nå fram. Nasen skal vere i høgde med brystknoppen.
Barnet får då riktig sugetak når det strekkjer seg mot brystet ditt. Når barnet bøyer hovudet lett bakover for å ta brystknoppen, blir haka pressa mot brystet og nasen blir frigjort slik at barnet kan puste medan det diar.
Suge- og gaperefleksen blir stimulert ved å forsiktig stryke brystknoppen mot nasen og overleppa til barnet. Når barnet gaper høgt (stort), som ved ein gjesp, blir det ført til brystet.
Du bør ikkje dytte brystknoppen mot barnet. Dersom du held på brystet må du vere oppmerksam på at ikkje fingrane dine er for nær brystknoppen og i vegen for barnet. Barnet skal ha mykje av det brune området av brystknoppen inn i munnen.
Pass på at barnet ligg tett inntil kroppen din heile tida. Barnet vil ofte gli litt bort frå brystet/kroppen din, og vil då miste det gode sugetaket og kan suge feil på brystknoppen din.
- Få mest mogleg av brystet inn i munnen til barnet. Prøv å sikte mot ganen med brystknoppen. Det er der refleksen for å suge blir utløyst.
- Om nasen blir klemt saman mot brystet ligg barnet kanskje for høgt på brystet, og med bøygd nakke. Trekk barnet litt ned, med hovudet lett strekt bakover. Hald barnet sin kropp tett inntil deg. Trykk helst ikkje på brystet med fingrane for å halde nasen til barnet fri, det kan stenge mjølkegangane dine.
- Normalt bør barnet suge til det slepp brystet sjølv. Om du tar barnet frå brystet, kan det vere lurt å oppheve undertrykket ved å putte veslefingeren din inn i munnen på barnet, og så fjerne brystet frå munnen. Dette er for å unngå at brystknoppane blir såre.
Amming - handmjølking
Å handmjølke er ofte eit betre alternativ enn å pumpe seg, spesielt dei første dagane etter fødselen.
Det er ein fordel om du lærer deg å handmjølke før du reiser heim frå barselavdelinga. Handmjølking kan vere nyttig både for å stimulere mjølkeproduksjonen, og for å lette på trykket i brysta ved brystspreng/mjølkespreng.
Snakk med personalet på fødeavdelinga om du treng informasjon om eller hjelp til handmjølking. Dei kan rettleie deg, så du er trygg på korleis du handmjølkar før du reiser heim frå sjukehuset.
Når du handmjølkar for å stimulere produksjonen må du ikkje gi opp for fort. Du må handmjølke minimum 5–10 minutt på kvart bryst for å oppnå best effekt. Dei første dagane etter fødselen kan du ikkje vente at det kjem mykje mjølk når du handmjølkar. Kvar mjølkedråpe er verdifull for barnet og bør bli gitt til barnet. Du kan for eksempel samle mjølka opp på ei teskei og gi barnet mjølka med skeia. Små og hyppige måltid vil slik dekke barnet sitt behov for mat dei første dagane.
Informasjon om handmjølking frå Ammehjelpen
Brystspreng
Når mjølkeproduksjonen kjem i gang kan du oppleve at brysta dine blir harde, dei følest «sprengde» og ømme. Får du mykje brystspreng kan det vere litt vanskeleg for barnet å få ut mjølka.
Når mjølkeproduksjonen startar, kan det nokon gonger komme «kuler» i brystet. Dette skuldast mjølkekjertlar som hovnar opp, eller at mjølka hopar seg opp. Håndmjølking kan hjelpe for dette.
Etter
Vonde bryst ved amming
Nokre kvinner får ulike utfordringar i samband med at mjølkeproduksjon startar eller ved amming.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Føde og barsel Haugesund
Oppmøtestad
3. etasje i nybygget ved Haugesund sjukehus. Gå gjennom dei doble dørene ved Narvesen og ta heis eller trapp opp til vår avdeling.
Besøkstider og retningslinjer for besøk
- Barnefar: kl. 09.00 - 21.00
- Barnets søsken og besteforeldre: kl. 17.00 - 18.00
Andre besøkande er av omsyn til mor og barn, ikkje tillate i avdelinga.
Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund