Diagnose
Fødsel og barsel
Fødselen er slutten på mange månader med venting, lengsel og spenning. Endeleg skal de få møte barnet. Fødselen krev stor innsats frå både mor og barn, og er fysisk og psykisk krevjande for dei begge. Like fullt er kvinnekroppen skapt for å gjennomføre ein fødsel, og derfor skjer dei aller fleste fødslane heilt normalt.
Samspel og samarbeid mellom den fødande, barnet og fødselshjelparen er avgjerande for at fødselen skal gå normalt, og for at mor skal sitje igjen med ei positiv oppleving.
Det er ikkje mogleg å vite på førehand korleis fødselen vil opplevast av den fødande, noko som kan gjere tida fram mot fødselen både spennande og litt skremmande for enkelte. Ikkje alle fødande opplever fødselen slik dei hadde venta. Nokon kan få ei dårlegare oppleving enn forventa, medan andre opplever det motsette.
Snakk om fødselen med jordmor eller lege der du går til svangerskapskontroll. Dei vil gi deg informasjon og kan svare på dei spørsmåla og tankane du har om fødselen.
Tilvising og vurdering
Du treng ikkje tilvising for å ta kontakt med fødeklinikken / sjukehuset der du skal føde.
Når du meiner at fødselen er i gang, ringer du fødeavdelinga. Du får snakke med jordmor som vil gi deg råd og rettleiing. Det er viktig for avdelinga å vite at du er på veg, slik at dei kan planlegge og førebu mottaket av deg og din følgjeperson.
Utredning
Som fødande kan du sjølv førebu deg på fødselen og på denne måten bidra til ei god fødselsoppleving. Skaff deg kunnskap og kjennskap til kva som skjer under ein fødsel: Kva skjer med eigen kropp, og kva skjer med barnet?
Teikn på at fødselen er i gang
Dei fleste fødslar startar spontant mellom 37. og 42. svangerskapsveke. Oftast startar fødselen ved at livmora begynner å trekkje seg saman og du får rier, men du kan også oppleve andre teikn på at fødselen snart skal skje.
Igangsetting av fødsel
Utgangspunktet for all fødselshjelp er å fremje ein naturleg fødsel. At fødselen startar spontant mellom svangerskapsveke 37 og 42 hos ei frisk mor etter eit ukomplisert svangerskap, er det beste for mor og barn. Men det er ikkje slik for alle. Det kan vere faktorar både hos mor, barnet eller hos begge som gjer at det beste er å framskunde fødselen.
Igangsetting av fødselen (induksjon) blir alltid gjort på bakgrunn av ei grundig vurdering, og blir berre gjort når dette blir vurdert som den beste behandlinga for mor og / eller barn.
Kontakt med fødeavdeling på sjukehus
Snakk med lege / jordmor på svangerskapskontrollane om kven, kor og korleis du skal ta kontakt når fødselen startar. Du skal alltid ringe fødeavdelinga og melde frå om at fødselen er i gang.
Behandling
Kva skjer under fødselen?
Fødselens start, forløp og korleis kvinner opplever fødselen er veldig individuelt. Det gjeld også for ei kvinne frå hennar første fødsel til andre fødsel. Når fødselen er i gang, gjer fødselsriene at livmorhalsen blir endra og begynner å trekkje seg til side og gi plass for at barnet kan passere gjennom fødselskanalen.
Fødselskanalen består av:
- Bekkenet – den beinete delen av fødselskanalen
- Muskulaturen i bekkenet
- Skjeden - den mjuke delen av fødselskanalen
Bekkenet er forma som ei trakt, og storleiken er forskjellig i dei ulike nivåa av bekkenet. Dette gjer at barnet må utføre ein del dreiingar og rotasjonar under fødselen for å kunne tilpasse seg og passere gjennom bekkenet.
Overvaking av barnet under fødselen
Den viktigaste informasjonen om korleis barnet har det under fødselen, får jordmor ved å lytte til hjarteslaga / pulsen til barnet. Derfor vil jordmor lytte på og telje hjarteslaga til barnet gjennom heile fødselen.
Fødselssmerter
Fødselssmerter kjem av at livmora, som er ein stor muskel, trekker seg saman og dette fører til strekk og trykk på musklar, sener og nervar. Smertene endrar seg både i styrke, varigheit og lokalisering i løpet av fødselen. I starten er det som oftast nokre minutt mellom kvar ri, mens mot slutten av fødselen kjem riene oftare og er meir smertefulle. Som oftast vil du ha pausar utan smerte, der du kan puste ut og lade opp til neste ri.
Når barnet passerer gjennom fødselskanalen, vil det trykke mot vev og nervar. Mot slutten av fødselen vil trykket frå barnet føre til trykk og spreng i skjeden og mot endetarmen, og dette vil utløyse ein sterk trong til å trykke.
Korleis fødselssmertene blir opplevd er veldig ulikt frå kvinne til kvinne. Kvar kvinne møter fødselen med sine føresetnader, tidlegare opplevingar, erfaringar og kulturelle bakgrunn, noko som kan ha betydning for korleis fødselen og fødselssmerten blir opplevd.
Tilbodet om smertelindring kan variere, og ikkje alle fødeavdelingar kan tilby alle former for smertelindring. Her finn du informasjon om ulike alternativ. Snakk med jordmor / lege på svangerskapskontrollen om kva tilbod som finst på avdelinga der du skal føde.
Lær meir om dei ulike mogelegheita for smertelindring. (Samvalsverktøy frå helsenorge.no)
Ikkje-medikamentell smertelindring under fødsel
Kroppen har sitt eige smertelindrande system. Når du har smerter, startar kroppen å produsere fleire ulike smertelindrande stoff som lignar på morfin - desse blir kalla endorfinar. Ettersom riene aukar i styrke og hyppigheit, aukar også kroppens produksjon av endorfinar. Utover den lindringa du oppnår av endorfinane, vil andre ikkje-medikamentelle smertelindrande tiltak kunne ha god effekt.
Medikamentell smertelindring under fødsel
For nokon kan fødselssmerta bli så intens at kvinna treng eller ønsker medikamentell smertelindring. Det kan også vere medisinske årsaker til at slik smertelindring bør bli gitt:
- Fødande med svangerskapsforgifting
- Sjukdom hos mor eller der ein kan forvente at fødselen må avsluttast ved hjelp av keisarsnitt, tang eller vakuum
Bruk av medikamentell smertelindring og valg av lindringsmetode, må alltid gjerast ut frå situasjonen til den fødande og barnet, kor langt i fødselsforløpet kvinna er kommen og tilgjengelegheit.
Fødsel ved hjelp av vakuum eller tang
Det kan oppstå situasjonar under fødselens utdrivingsfase som gjer at legen må hjelpe deg med å få barnet ut ved å bruke vakuum, fødselstang eller keisarsnitt.
Nokon gonger lukkast vi ikkje med å forløyse barnet sjølv om vi bruker vakuum eller tang. Då vil det bli gjennomført keisarsnitt.
Les om
Fødselsrifter
Vi jobbar kontinuerleg for å førebygge og redusere antall fødselsrifter. Derfor er vi svært opptatt av korleis vi skal beskytte og støtte området mellom skjedeinngangen og endetarmsopninga (perineum) i det barnet blir fødd. Ei alvorleg fødselsrift (såkalla sphinkterrupturar grad 3 og 4) er definert som rift der deler av – eller heile – lukkemuskelen rundt endetarmen er skadd.
Barnet er fødd - etterbyrdstida
Barnet er fødd, men fødselen er ikkje heilt over enno. Morkaka og fosterhinnene skal også fødast. Vanlegvis skjer dette kort tid etter at barnet er fødd eller innan ca. ein time. Morkaka og fosterhinnene løyser seg då frå livmorveggen og fell ned mot skjeden. Når morkaka løyser seg, kan du kjenne ei svak ri og det kan kome litt blod frå skjeden. Når morkaka har løyst seg frå livmorveggen, trykker du ho ut slik du gjorde då barnet skulle fødast. Dette kan vere litt ubehageleg, men er ikkje smertefullt.
Der morkaka var festa i livmorveggen, blir det ei sårflate som gjer at du får ei menstruasjonslignande bløding og at livmora trekk seg saman som ho skal. Etter fødselen må jordmor også undersøke om det har kome rifter i fødselskanalen. Dersom det har oppstått rifter som må bli sydd, vil du få bedøving. Tråden som vi bruker til å sy med, vil løyse seg opp av seg sjølv og skal ikkje fjernast.
Straks barnet er fødd, får du barnet ditt til deg. Etter fødselen søker barnet raskt etter mor sitt bryst. Det er no viktig at du, barnefar / følgesperson og barnet får tid til å vere uforstyrra saman. De treng ro til å puste ut etter fødselsarbeidet og den store opplevinga. Barnet treng ro og dykkar fulle merksemd for å finne fram til brystet og sitt første måltid. Dette er ei viktig tid som ikkje skal bli unødvendig forstyrra. Alle unødvendige oppgåver, støy og uro må unngåast, dette gjeld også telefonbruk, besøk og unødvendig aktivitet på fødestua.
Etter fødselen
Kor lenge du blir på barselavdelinga etter ein fødsel er individuelt og tilpassa behovet til mor og barn. Etter keisarsnitt, ligg kvinna vanlegvis i 3-4 dagar.
Jordmor undersøker barnet rett etter fødselen. I løpet av dei første dagane etter fødselen blir barnet undersøkt av barnelege. Då er det fint om ein av foreldra er til stades.
Les meir om kva ein gjer under helseundersøking av barn på helsenorge.no
I tillegg gjennomfører vi en del andre undersøkelser på alle nyfødte barn.
Under barnelegens undersøking kan du kan stille spørsmål og ta opp ting du meiner det er viktig at barnelegen kjenner til. Før heimreise får du informasjon om kor og kven du kan ta kontakt med om du treng rettleiing, råd eller hjelp etter heimkomsten.
Målet for barselomsorga er i størst mogleg grad å leggje denne til rette ut frå den enkelte kvinne, barn og familie sine behov, ressursar og situasjon.
Oppfølging
Barseltid
Barseltida er tida frå rett etter fødselen og til kroppen er tilbake til førgravid tilstand og amminga er vel etablert; dei første 6-8 vekene etter fødselen. For kvinner som ammar er det vanleg å bruke 6 veker før dei opplever god etablering av amminga.
Barseltida handlar mykje om omstilling og nye rutinar. Det er ei spennande og flott tid, men også ei tid som kan opplevast som krevjande og utfordrande. Det skjer stor endringar både i kroppen og i livssituasjonen etter ein fødsel. Dei fysiske endringane er dei fleste førebudd på. Men etter fødselen kan mange også oppleve humørsvingningar, trøyttleik og følelsen av å ikkje vere heilt på høgde med den nye situasjonen og det som krevjast. Opplevelse av meistring som foreldre tar ofte litt tid.
Ved tidleg heimreise
Om du drar heim tidleg frå sjukehuset (0-2 dagar etter fødselen), er det enkelte tilstandar som kan oppstå hos barnet som det er viktig å vere merksam på.
Dersom ein av desse tilstandane oppstår i løpet av dei første dagane etter heimreise, tar de kontakt med barselavdelinga. Skjer det seinare enn dette, tar de kontakt med helsestasjon, fastlege eller legevakt.
Gode råd til mor
For at barseltida skal bli ei god tid for deg som har fødd og for familien, er det viktig at du som nybakt mor tar godt vare på deg sjølv. Å leggje til rette for og gi den nybakte mora tid og moglegheit til eigenomsorg, til kvile, ro og avlasting frå kvardagens gjeremål er ei god investering for familien.
Stell og bading av den nyfødde
Vask barnet med lunka vatn som måler om lag 37 grader. Du kan bruke ein mjuk klut eller berre hendene dine. Det er ikkje nødvendig å bade barnet kvar dag, og eit godt alternativ til bad er ein grundig kroppsvask dagleg.
Nyfødde barn frå topp til tå
På sjukehuset er det barnepleiarar, jordmødrer og legar som kan hjelpe deg. Etter heimreisa er det helsesøster, kommunejordmor og fastlegen som følger opp barnet og deg som har fødd.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Føde og barsel Haugesund
Oppmøtestad
3. etasje i nybygget ved Haugesund sjukehus. Gå gjennom dei doble dørene ved Narvesen og ta heis eller trapp opp til vår avdeling.
Besøkstider og retningslinjer for besøk
- Barnefar: kl. 09.00 - 21.00
- Barnets søsken og besteforeldre: kl. 17.00 - 18.00
Andre besøkande er av omsyn til mor og barn, ikkje tillate i avdelinga.
Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund