Undersøking, Registrering av otoakustiske emisjonar
Hørselscreening hos nyfødte (OAE)
Vi tester høyrselen til alle nyfødte for å kunne oppdage eit eventuelt medfødt høyrselstap så tidleg som mogeleg, og då kunne setje i gang hjelpetiltak så raskt som mogeleg.
Før
Testen blir utført ved barselavdelinga helst tatt andre døgnet etter fødselen, på grunn av forholda i mellomøyret. Det er lettast å utføre testen mens barnet søv og er roleg.
Under
Vi registrerer otoakustiske emisjonar (OAE). Dette er ei objektiv høyrselsmåling, der vi testar funksjonen i det indre øyret. Vi set inn ein liten propp som inneheld ein mikrofon og ein høgtalar, i øyregangen til barnet. Høgtalaren sender klikkelydar inn i øyret. Ved tilarbeiding av klikkelydane blir det generert ein lyd i det indre øyret som vi via mikrofonen.
Målinga er rask og smertefri. Ved respons på ei slik måling, er det lite sannsynleg at barnet har nedsett høyrsel.
Hos nokre barn får vi ikkje respons med OAE, og dette kan ha fleire grunner. Dersom barnet framleis har fostervatn eller fosterfeitt i øyregangen, eller har veldig tronge øyregangar kan det føre til at vi ikkje får respons. Det kan også vere tekniske forhold under undersøkinga som er årsak til manglande respons. Statistisk sett er det berre 2 - 3 av 1000 barn som vil vere høyrselshemma ved fødselen.
Etter
Viss responsen ikkje blir godkjent på begge øyrene før 2. levedøgn, vil barnet fulgt opp med vidare testing på øre-nese-hals-avdeling.
Det kan også være aktuelt å undersøke om barnet har gjennomgått ein spesiell virusinfeksjon i svangerskapet (CMV), som kan gje hørselstap. Dette blir gjort enkelt og smertefritt ved hjelp av ein spyttprøve frå barnet.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Øre-nese-hals
Oppmøtestad
Våre lokalar er i 1. etasje ved Haugesund sjukehus. Du kan bruke hovudinngangen og passere resepsjonen og sjukehusapoteket - du finn oss heilt i enden av korridoren.
Ved tilpassing av høyreapparat, anbefaler vi at pasienten har med seg følge/pårørande.
Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund