Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Angina pectoris (hjartekrampe)

Angina pectoris kjem av at éin eller fleire av kransårane i hjartet er tronge. Kransårane er dei blodårane som forsyner hjartemuskelen med oksygenrikt blod. Når kransårane blir tronge, får hjartemuskelen tilført for lite oksygenrikt blod, og det oppstår smerter i brystet. Dette kallar vi angina pectoris.

Symptom

Hjartet er ein muskel som sørgjer for at alle organa til kroppen får oksygenrikt blod. Hjartet sjølv treng også oksygen for å fungere, og får dette gjennom kransårane (blodårane rundt hjartet). Angina pectoris oppstår på grunn av feittavleiringar i kransårane til hjartet. Prosessen kallar vi aterosklerose eller åreforkalking. Dei fleste får slike feittavleiringar i større eller mindre grad med aukande alder, men somme er meir utsette enn andre.

Faktorar som kan framskunde åreforkalkingsprosessen, er:

  • røyking
  • høgt blodtrykk
  • høgt kolesterol
  • fysisk inaktivitet
  • dårleg kosthald
  • diabetes

I tillegg kjem faktorar som ikkje kan påverkast, som arv, kjønn og alder.

Klemmande smerter midt i brystet er typiske symptom på angina pectoris. Smertene kan stråle ut i venstre arm eller begge armar, mellom skulderblada, opp mot nakke/hals/kjeve og mot øvste del av mage. Andre symptom kan vere tung pust og/eller trøyttleik.

Anginasymptom oppstår ofte når ein fysisk anstrengjer seg, av psykiske påkjenningar og stress. Forsnevringar på kransårane reduserer blodtilførselen til hjartet. Det oppstår då oksygenmangel i hjartemuskelen, og dette utløyser brystsmerter (angina pectoris). Symptoma går tilbake når du roar ned eller kviler. Eventuelt kan nitroglyserinspray eller smeltetablett under tunga hjelpe omgåande på anginasmerter. Nitroglyserin verkar ved at blodårane i kroppen utvidar seg, som igjen lettar arbeidet til hjartet.

Utgreiing

Dersom du har symptom på angina pectoris blir du greidd ut på sjukehuset, anten poliklinisk og/eller ved innlegging. Utgreiinga for angina pectoris består mellom anna av arbeids-EKG og/eller CT av hjartet. Det kan også vere behov for ei ultralydundersøking av hjartet. I tillegg til medikamentell behandling (medisinar) kan det vere aktuelt å greie ut sjukdommen vidare med koronar angiografi.

Behandling

Om du får påvist angina pectoris som følgje av åreforkalking og tronge kransårar, kan vi tilby ulike behandlingar ut i frå karakteren til sjukdommen. Ut over medikamentell behandling (medisinar) kan det vere aktuelt med koronar angiografi for å sjå om kransåressjukdommen er slik at det kan vere aktuelt med utblokking av tronge parti i kransårane. Må vi utføre ei utblokking, gjer vi som regel det under same inngrep som når vi tek koronar angiografien. Undersøkinga kan også avdekkje forhold som gjer det aktuelt med hjarteoperasjon (by-pass operasjon).

Førebyggjande behandling tek sikte på å bremse/hindre forverring av sjukdommen. Behandlinga består då av både medikament og livsstilsendringar, som til dømes auka fysisk aktivitet, hjartevennleg kosthald og røykjeslutt. For å førebyggje forverring av angina pectoris er det viktig med blodfortynnande og kolesterolsenkande medisinar.

Oppfølging

Kva oppfølging du får ved angina pectoris avheng av tilstanden din og kva behandling du har fått.

Det er viktig at du tek medisinane som føreskrive og har jamleg kontroll hos fastlege og/eller poliklinikk, avhengig av kva som blir tilrådd.

Vidare er det viktig med gode levevanar: Røykjeslutt, sunt kosthald, avgrensa alkoholinntak, vektreduksjon, å redusere stress, og dessutan å vere fysisk aktiv.

Sist faglig oppdatert 06.05.2024

Kontakt

Haugesund sjukehus Akuttmottak, Haugesund

Kontakt Akuttmottak, Haugesund

Oppmøtestad

Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.

Blir du transportert med ambulanse eller av portør, vil du automatisk bli registrert på akuttmottaket. 

Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet på akuttmottaket.  

Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Opningstider for ekspedisjon

  • I dag 08:00 - 22:00

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

​Kantina i  6.etasje er open for pasientar, besøkande og tilsette.

Opningstider kantine

Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt i helger og på heilagdagar.

Pasientkantine i 4 og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med avdelinga du høyrer til.

Du finn ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider kiosk

Måndag-fredag: 06.30-21.00 
Laurdag: 09.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontantar. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar i toppetasjen på parkeringshuset. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelinga dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.