Diagnose
Åreknutar i pungen (Varicocele)
Dersom du har ein hevelse i pungen med utvida blodkar (vener), kan dette gi tyngdefornemming og tidvis smerter. Årsaka er dårlege klaffar i vener, slik at blodet samlar seg i pungvenene i staden for å bli transportert oppover mot dei sentrale venene. Hos nokon kan det redusera fruktbarheita. Tilstanden kan behandlast dagkirurgisk.
Før
Faste
Under
Bedøvinga du får er ein lett narkose, det vil sei at du søv under operasjonen. Legen går inn med kikkholsintrument i bukhola og sett klips på venen i testikkelen.
Etter
Du flyttast først til oppvakningsstua. Der får du servert litt mat og drikke, og det er viktig at du kommer deg på beina så fort som mulig. Opphaldet varer kunn nokre få timar. Du kan ikkje køyre bil etter ein operasjon i narkose. Du må derfor avtale med nokon som kan hente deg.
Ver merksam
Av og til kan du få infeksjon etter operasjon. Dersom du får feber, må du kontakte lege. Gjer legen merksam på at du er nyoperert.
Kontakt
Odda sjukehus
Operasjon Odda
Oppmøtestad
Operasjon/dagkirurgi, 3. etasje.Odda sjukehus
Sjukehusvegen 10, 5750 Odda