Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Trening av bekkenbotnen er effektiv førebygging/behandling av urinlekkasje hos vaksne kvinner. Denne treninga har også effekt ved symptom på ufrivillig lekkasje av luft/avføring, prolaps av bekkenorgan og ved smerter.
Du bør trene bekkenbotnsmusklane mens du er gravid, sjølv om du ikkje er plaga med urinlekkasje. Det er vist at intensiv styrketrening av musklane i bekkenbotnen effektivt førebygger/behandlar urinlekkasje både under og etter svangerskapet.
Det ser dessutan ut til at trent muskulatur i bekkenbotnen ein fordel under sjølve fødselen og at kvinner lettare finn igjen musklane etter fødselen. Du kan følge treningsprogrammet som er forklart her, både mens du er gravid og etter fødselen.
Trening av bekkenbotnen krev ingen førebuingar.
Dette kan ta kortare eller lengre tid. Musklane er lokaliserte rundt urinrøyret/skjeden/endetarmen, innvendig i bekkenet. Trekk saman rundt opninga, prøv å løfte opp og inn i kroppen, og slepp ut igjen utan å trykke aktivt nedover.
Hald ei hand under skjeden/endetarmen utanpå trusa og tenk at du løftar opp og vekk frå handa. Prøv å stoppe drypinga på slutten av vasslatinga. NB! Ikkje gjer dette som regelmessig trening.
Det er individuelt kva som passar best.
Bruk av sete, lår eller magemusklar (tipping av bekkenet) i staden for i musklane i bekkenbotnen; kraftig innpust eller overdriven hald av pusten i staden for samantrekking av bekkenbotnsmusklane; trykking nedover i staden for å løfte opp og inn (noko som kan forverre eventuelle symptom på lekkasje).
Ikkje forsøk å trene samtidig som du gjer andre ting, da yter du ikkje maksimalt. Det er også raskare å trene feil, og treninga blir ikkje så effektiv. Gjer fleire lette samantrekkingar etter kvarandre.
Klarer du 8–12 repetisjonar x 3 rundar dagleg, så er det bra! Dei tre rundane kan du gjere på eit tidspunkt på dagen med berre ein liten pause mellom kvar runde, eller du kan fordele dei tre rundane utover dagen slik det passar deg.
Når du begynner å få kontakt med bekkenbotnsmusklane, kan du intensivere treninga. Trekk saman så hardt du kan, og forsøk å halde kvar samantrekking lenger og lenger.
NB! Dersom du kjenner eit inntrekk av den tverrgåande magemuskelen (heilt nedst i magen), så er det ok. Det kjem av eit naturleg samspel med bekkenbotnsmusklane.
Når du klarer å halde kvar muskelsamantrekking i 6–8 sekund, kan du legge til 3–4 raske samantrekkingar vidare innover på slutten av haldeperioden.
Trekk saman bekkenbotnsmusklane, hald 6–8 sekund, gjer 3–4 raske løft, slepp ut igjen og ta 3–4 sekunds pause.
8–12 repetisjonar x 3 runder.
Du bør prøve intensiv bekkenbotnstrening i minst 6 månader. Er du symptomfri, kan du gå over til vedlikehaldstrening. Dersom du ikkje er symptomfri, men stadig opplever betring, bør du halde fram med intensiv trening heilt til du er fornøgd, og deretter gå over til vedlikehaldstrening.
Dersom du ikkje opplever symptombetring, finst det andre tiltak du kan prøve – kontakt primærlegen din.
Det er individuelt kor mykje som skal til for å halde muskelstyrke ved like og førebygge lekkasje. Det er anbefalt å gjere 8–12 samantrekkingar så hardt som mogleg 1–2 gonger per veke. Hugs at trening er ferskvare – du mistar treningseffekten du har bygd opp, dersom du tar lengre pausar frå treninga.
Dersom du har symptom på urinlekkasje, ufrivillig lekkasje av luft/avføring, prolaps av bekkenorgan, smerter, eller dersom du er usikker på om du trener rett / har kontakt med bekkenbotnsmusklane, kan du be legen din om ein rekvisisjon til fysioterapeut.
Ei oversikt over fysioterapeutane som jobbar med kvinnehelse finn du på fysio.no. Klikk deg inn på «faggrupper» og deretter «faggruppe i kvinnehelse».
Du finn Urologisk poliklinikk i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Vi er samlokalisert med kirurgisk poliklinikk. Ta kontakt med ekspedisjonen vår når du kjem.
Meld at du er komen via SMS-en du har fått, eller på automaten ved hovudinngangen til sjukehuset.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund