Augelegen vil gjere fleire undersøkingar og stille deg ulike spørsmål om symptoma dine. Det er viktig å informere om du har brukt/bruker kontaktlinser.
Betennelse i hornhinna kjem av ofte infeksjon med virus, bakteriar, parasittar og sopp. Symptom kan mellom anna vere nedsett syn, smerter og at ein blir ømfintlegheit overfor lys. Hornhinna ligg over pupillen og den farga delen som heiter regnbogehinna. Hornhinna er som ei halvkule, og ho er klar som glas. Hornhinna er veldig sensitiv, og har ein viktig funksjon for synet.
For å bli vurdert av ein augelege treng du ei tilvising frå fastlegen eller optikaren din. Sjølve undersøkinga hos augelegen er viktig for å finne den rette behandlinga, då dei ulike infeksjonane har ulike måtar å «opptre» på.
Det er viktig å få behandling raskt.
Ved akutthjelp: Ta med tilvisinga til augeavdelinga og lever ho ved framkomst i ekspedisjonen. Ventetid hos augelegen kan variere noko.
Ta kontakt med augeavdelinga ved endring av symptom.
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund