Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Bitestikkelbetennelse er ein betennelse i bitestikkelen. Bitestikkelen omgir testikkelen inne i pungen.
Bitestikkelbetennelse kjem vanlegvis av ein bakterieinfeksjon. Dei same bakteriane som kan føre til blærebetennelse, kan også slå seg til i bitestiklane. Kjønnssjukdommar som gonoré eller klamydia kan i somme tilfelle føre til bitestikkelbetennelse. Det kan også vere ein komplikasjon til inngrep (operasjon, kateterisering, undersøking) i urinvegane eller forårsaka av traume mot skrittet.
Ved framkomst til sjukehuset vil du bli undersøkt av ein lege. Diagnosen blir stilt på grunnlag av typiske symptom og funn. Det blir vanlegvis teke ei urinprøve og ei ultralydundersøking.
Du bør halde deg roleg dei første dagane. Eventuelt kan ein provisorisk susp som held testiklane i ro nyttast. Det lindrar også å få løfta opp pungen litt. Kalde omslag lindrar i den akutte fasen.
Ved medikamentell behandling blir antibiotika brukt i 7 – 10 dagar. Kva type antibiotika som blir vald, avheng av kva bakterie som er mistenkt eller er påvist. NSAIDS, som til dømes Ibux, verkar febernedsetjande, smertestillande og betennelsesdempande, og slik medisin kan vere nyttig i tillegg til behandling med antibiotika.
Sjukdommen fører sjeldan til komplikasjonar. Behandlinga er nesten alltid effektiv. Symptoma går gjerne raskt tilbake med rett antibiotikabehandling. Ufullstendig behandling av sjukdommen kan i verste fall føre til redusert evne til å få barn (redusert fertilitet).
Det er ingen poliklinisk kontroll på sjukehuset etter gjennomgått behandling.
Ved eventuelle komplikasjonar, ta kontakt med lege/sjukehus.