Håndleddsbrudd
Brot i handleddet er ein av dei vanlegaste brottypane og er brot like ved eller i handleddet.
Tilvising og vurdering
Brot i handleddet er ein akutt skade og diagnosen blir vanlegvis stilt ved røngtenundersøking på legevakt. Lege tilviser til eventuell vidare behandling på sjukehus.
Kliniske studiar
1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
Sjå fleire kliniske studiarUtredning
Behandling
Oppfølging
Ver merksam
Ved mistanke om infeksjon skal du raskt ta kontakt med sjukehuset. Teikn på infeksjon er:
- Raud farge, hevelse og varme i huda
- Væske frå såret
- Aukande smerter
- Feber
- Generell sjukdomskjensle
Kontakt
Haugesund sjukehus
Ortopedisk poliklinikk
Oppmøtestad
Ortopedisk poliklinikk held til i 1. etasje på Haugesund sjukehus.
Digital innsjekk, registrering og betaling
Som pasient får du ei tekstmelding på telefon (SMS) før timen hos oss.
- Følg rettleiinga i tekstmeldinga for å registrere innkomst.
- Set deg deretter i ventesone 1B og vent til du blir kalla inn.
- Du får ny tekstmelding når det er din tur. Meldinga viser også kvar du skal gå.
Når du er ferdig med timen, får du ny tekstmelding med informasjon om betaling. Du kan anten betale med Vipps, faktura eller i resepsjonen i 1. etasje.

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund