Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Bukspyttkjertelkreft er ein alvorleg sjukdom som rammar sjølve bukspyttkjertelen, eit organ som ligg bak magesekken. Bukspyttkjertelen har ei viktig rolle i fordøyinga og i å regulere blodsukkeret.
Viss sjukdommen blir oppdaga tidleg, kan han ofte behandlast med operasjon, føresett at du vil tole påkjenninga ved dette. Dersom kreften har rokke å spreie seg, kan han ikkje opererast bort, men det finst behandlingar som kan bremse sjukdommen, lindre plager og forlenge livet.
Bukspyttkjertelen er delt i tre delar: hovud, kropp og hale. Bukspyttkjertelkreft førekjem oftast i hovudregionen. Ingen veit kvifor nokre får kreft i bukspyttkjertelen og andre ikkje, men foreslåtte risikofaktorar er høg alder, røyking, gjentatte betennelsar i bukspyttkjertelen og høgt alkoholforbruk.
Pasientinformasjon om pakkeforløp for kreft (helsedirektoratet.no)
Du vil få ein forløpskoordinator som hjelper deg med timeavtalar og informasjon underveis.
I løpet av utgreiinga blir det gjort undersøkingar av deg for å avklare om du har kreft eller ikkje. Ved mistanke om kreft blir du undersøkt av lege. Vi tar blodprøver og røntgenundersøkingar med CT og eventuelt MR.
PET-CT kan i nokre tilfelle avklare om det er spreiing til andre organ. Vi tar vanlegvis vevsprøver (biopsiar) når vi ikkje kan operere svulsten.
Når alle prøvesvar er klare, blir resultata vurderte av eit tverrfagleg team (kirurgar, radiologar, onkologar m.fl.). Teamet avgjer vidare behandling i samråd med deg.
Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet går vi gjennom dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.
Viss du har kreft, planlegg vi no kva behandling som er best for deg. Beslutninga om behandling tar vi i lag med deg, vanlegvis basert på vurderingar som er gjort i eit tverrfagleg team-møte.
Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.
Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:
For pasientar med bukspyttkjertelkreft vil som regel behandlinga vere operasjon eller medikamentell behandling. Behandlinga blir planlagd ut frå kor langt sjukdommen har komme, den generelle helsetilstanden din, og kva som passar best for deg.
Her finn du verktøy som kan hjelpe deg til å ta valet.
Dersom svulsten kan fjernast, er kirurgi den einaste behandlinga som kan gjere deg frisk. Den vanlegaste operasjonen heiter Whipple-prosedyre (pankreatoduodenektomi), der ein fjernar bukspyttkjertelhovudet og nærliggande strukturar. Andre prosedyrar gjeld dersom kreftsvulsten sit i andre delar av kjertelen. Dersom kirurgi er aktuelt for deg, vil du få nøye informasjon om operasjonen og komplikasjonar som kan oppstå av ein kirurg.
Cellegift blir brukt i tre situasjonar:
Legen vil saman med deg vurdere kva som er aktuelt i din situasjon.
Dersom operasjon ikkje er mogleg, vil cellegift kunne lindre symptom og forlenge livet. I samtale med ein av kreftlegane våre vil det vurderast om cellegift blir anbefalt for deg.
Ved spreiing eller dersom sjukdommen ikkje kan fjernast, finst tiltak som kan lindre plager:
Kreft og behandling kan påverke både kroppen og kvardagen. Det finst mange tilbod som kan vere ei hjelp til å komme tilbake til kvardagen under og etter kreftsjukdom. Derfor er det viktig å tenke rehabilitering og meistring av sjukdommen heilt frå sjukdomsstart og begynninga av behandlinga. Målet er å kunne fungere og leve med eller etter kreftsjukdom, med så god livskvalitet som mogleg.
Oppsøk lege om du opplever gulsott, vedvarande magesmertar, vekttap og slappheit.
Gastrokirurgisk poliklinikk hald til i 1. etasje på Haugesund sjukehus.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund