Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Bukveggsbrokk

Bukveggsbrokk oppstår på grunn av ein defekt eller svakheit i bukveggen (magen). Vev eller organ frå bukhola vil kunne bule ut i defekten, særleg dersom ein strammar magemusklane.

Bukveggsbrokk er ikkje det same som arrbrokk som er ein komplikasjon til tidlegare operasjon.

Det vanlegaste bukveggsbrokket er navlebrokk. Her blir alle andre brokk på bukvegg omtalt. Dei ligg oftast i midtlinja, mellom navla og brystbeinet. Dei kan også liggje andre stader på bukveggen der det er ein svakheit mellom muskulatur.

Symptom

Eit ukomplisert brokk gir som regel lite smerter. Det kan lett trykkast inn, og krev sjeldan behandling.

Nokon får lett ubehag i brokket når det kjem ut. Det kjem lettast ut når ein bruker magemusklane, for eksempel under trening, løft eller ved hoste.

Dersom brokket set seg fast (blir innklemt) gir det til dels kraftige smerter og brokket blir hardt. Du kan også oppleve symptom som kvalme og oppkast. I slike tilfelle kan det bli nødvendig å operere akutt, og du bør snarast ta kontakt med lege.

Tilvising og vurdering

Dersom du har plager frå brokket, kan du be fastlegen din om ei tilvising til utgreiing og vurdering for operasjon. Rettleiande frist for start av utgreiing er ifølgje Helsedirektoratet 26 veker. Det er også varierande ventetider for sjølve operasjonen.

Utgreiing

Dei fleste bukveggsbrokk blir berre greidde ut med ei enkel klinisk undersøking hos spesialist. Nokon gonger må du ta ultralyd eller CT.

Behandling

Eit bukveggsbrokk vil aldri forsvinne av seg sjølv. Prinsippet bak kirurgisk behandling blir derfor å lukke sjølve defekten, og oftast med eit forsterkande nett. Dette gjer vi med open teknikk eller med kikholsteknikk. Kva metode som passar best for deg vil gastrokirurgen vurdere før operasjonen. Operasjon går nesten alltid føre seg i narkose.

Dagkirurgi

Mange kan bli opererte som dagkirurgisk pasient, det vil seie at du kjem og reiser heim same dag. Dersom du har fleire andre sjukdommar og/eller bur aleine, vil du få overnatte første natt på sjukehuset.

​​Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.

De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Fram til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.

  • Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
  • Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det.

Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk.Det får du i så fall beskjed om. 

Andre førebuingar

Brukar du blodfortynnande medisinar, sjå informasjon i innkallingsbrevet frå sjukehuset om kva du skal gjere. Ta med liste over dei faste medisinene når du kjem til sjukehuset.

Fjern ringar, klokker, kontaktlinser, sminke, naglelakk og piercingar før operasjonen. Dersom piercingane eller liknande ikkje er fjerna, du risikere at dei blir klipte av.

Briller og høyreapparat kan du ha på. 

På morgonen operasjonsdagen eller kvelden før skal du dusje og vaske håret. Skyll godt i navlen. Ikkje bruk krem eller sminke etter du har dusja.

Operasjonsområdet blir barbert på sjukehuset om nødvendig.

Dersom du har fått beskjed om at du skal bruke brokkbind eller kompresjonstøy, kan du kjøpe dette hos bandasjist.

Operasjonsrisiko

Ved all kirurgi er det risiko for bløding og betennelse. Ved operasjon for bukveggsbrokk kan du blant anna risikere at brokket kjem tilbake. Dersom brokket då gir symptom som smerte vør du igjen bli vurdert av kirurg, og nokon kan få tilbod om ny operasjon.

Det er også risiko for smerter i operasjonssår, som oftast går dette over. 

Dersom du røykjer aukar risikoen for tilbakefall og smerter. Vi anbefaler sterkt at alle som skal til operasjon for brokk sluttar å røykje.

Etter operasjonen

Etter operasjonen blir du overvakt til du vaknar. Du får ete og drikke, og vi sjekkar at du klarar å late vatnet. Dersom du er operert som dagkirurgisk pasient kan du reise heim. Du får med deg nokre smertestillande tablettar og eventuelt resept.

Du kan ikkje køyre bil eller betene maskinar første døgnet etter operasjonen.

Sjukemelding får du før heimreise, og lengda blir vurdert individuelt avhengig av kva du jobbar med.

 

Oppfølging

Sting

Dersom du har sting som må fjernast, vil du få beskjed om det. Dei fleste må ikkje fjerne nokon sting.

Når du dusjar etter operasjonen, gjer følgande:

  • Om bandasjen er tett, kan du dusje utan å skifte bandasje etterpå.
  • Om bandasjen ikkje er tett og vatn kan komme inn i operasjonssåret:
    • Er såret tørt, la vatnet renne forsiktig over såret
    • Ikkje bruk såpe.
    • Ikkje gni eller ta på såret, og ikkje prøv å fjerne skorpar.
    • Klapp såret tørt med eit reint handkle.
    • Legg på ein ny, rein bandasje.

Aktivitet

Såret i huda gror raskt, mens vevet under huda treng lengre tid på å gro.

  • For å unngå at brokket kjem tilbake må du unngå tunge løft dei første seks vekene etter operasjonen, dette inkluderer tunge løft (meir enn 5 kg)
  • Du bør også unngå forstopping.

 

Kontroll

Det er som regel ikkje nødvendig med oppfølging etter operasjonen. Du må ta kontakt med fastlege dersom du får vondt i såret, blir hoven eller raud, eller kjenner deg sjuk etter operasjonen.

Ver merksam

Ved alle kirurgiske inngrep kan komplikasjonar oppstå. Dei vanlegaste komplikasjonane ved brokkoperasjonar er sårbetennelse og blodsamling under huda. Dersom dette oppstår, ta kontakt med fastlegen din.

Sist faglig oppdatert 18.04.2024

Kontakt

Stord sjukehus Dagkirurgi Stord

Kontakt Dagkirurgi Stord

Oppmøtestad

Gå til ventesone utanfor dagkirurgisk avdeling i 2. etasje på Stord sjukehus.

Du må først registrere at du er komen. Dette gjer du på automaten i resepsjonen i 1. etasje, eller på mobiltelefon via SMS-en du får frå oss. 

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64

5416 Stord

Transport

​Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no.

Praktisk informasjon

​Det er ikkje publikumsapotek på sjukehuset, men det er fleire apotek i og rundt Leirvik sentrum.

Måndag-sundag: 17.00-18.30

Det er eigne besøkstider og reglar for føde og barsel.

Oppdatert informasjon finn du på sida om besøkstider

​Nærmaste daglegvare er Spar Ådland, Olvikvegen 52, 5416 Stord. 1.5 km med bil, 500 m til fots på gangsti bak ambulansestasjonen.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Publikumskantine finn du i underetasjen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 11.00-14.00. Det er stengt i helger og på heilagdagar.

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift.
 
Det er innført skiltgjenkjenningssystem på Stord sjukehus. Du får tilsendt faktura frå ParkPay etter inn- og utkøyring. 
 
​Pris for å parkere er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.
 
Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov. 
 

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.