Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Diagnose

Celleforandringar i livmorhalsen

Har du har fått påvist celleforandringar i livmorhalsen, er det viktig å vite at celleforandringar ikkje er kreft, men kan hos nokon (10-15 %) utvikle seg til kreft dersom det ikkje blir behandla.  Ein kan ikkje forutseie kva slags celleforandringar som utviklar seg til kreft. Dette er ein prosess som normalt tar lang tid. Alle med uttalte celleforandringar vil få tilbod om behandling.

HPV og celleforandringar

Infeksjon med Humant Papillomavirus (HPV) har vist seg å vere ein viktig faktor for utvikling av livmorhalskreft. Ein vedvarande infeksjon med HPV kan gi alvorlege celleforandringar i livmorhalsen, som ubehandla kan utvikle seg til kreft.

Det finst over 100 typar av HPV. Berre nokre få av desse gir auka risiko for kreft i livmorhalsen. Viruset smittar ved seksuell kontakt, og rundt 70 prosent av alle kvinner blir smitta i løpet av livet. I 90 prosent av tilfella klarer kroppen å kvitte seg med viruset av seg sjølv. Rundt 10 prosent av alle kvinner får celleforandringar som må behandlast, men berre ein prosent utviklar livmorhalskreft.

Det kan vere nok med ein seksualpartnar for å bli smitta med HPV. Ved mange partnarar, aukar risikoen. HPV kan også forårsake kjønnsvorter. Kvinner som har kjønnsvorter kan ha større risiko for å utvikle livmorhalskreft enn andre.

HPV-vaksine

HPV-vaksinen kan førebyggje celleforandringar på livmorhalsen. Den inngår i barnevaksinasjonsprogrammet, og er eit tilbod til alle jenter frå 12 års alder. Det finst mange ulike virus innan gruppa Humant Papilloma. HPV 16 og 18 veit vi per i dag kan utvikle seg til livmorhalskreft. Vaksinen gir vern mot desse virusa, og er derfor nyttig også for vaksne kvinner sjølv om dei kanskje allereie har vore smitta med andre typar HPV.

Les meir om HPV-vaksinen på helsenorge.no

Screeningprogrammet

Alle kvinner mellom 25 og 69 år i Noreg får tilbod om å delta i eit screeningprogram mot livmorhalskreft. Du får ei påminning frå Kreftforeningen kvart tredje år, om å gå til fastlegen eller privat gynekolog og ta ein celleprøve frå livmorhalsen. Om celleprøva viser celleforandringar, vil du bli kontakta av behandlar for vidare oppfølging og eventuelt tilvising til sjukehus.


 

Tilvising og vurdering

Det er fastlege eller gynekolog som tilviser deg til sjukehuset. 

Utredning

Sjølv om du får påvist celleforandringar, er det ikkje sikkert du vil ha behov for behandling. Det som blir rekna som lette celleforandringar skal observerast jamnleg med nye celleprøvar, og forsvinn ofte av seg sjølv etter ei tid. Om celleforandringane utviklar seg til å bli det reknast for «uttalte celleforandringer», kan det bli aktuelt å ta ein biopsi (vevsprøve) av livmorhalsen for å vurdere om det er behov for behandling.

Kor lang tid tar normalt utgreiingsfasen?

Å få svar på ein rutine-celleprøve tar vanlegvis nokre veker. Utgreiingsfasen hos ein pasient som treng behandling varierer. Mange kan gå i fleire år med lette celleforandringar utan at det utviklar seg vidare og dei treng behandling. Om fastlegen eller din private gynekolog sender ein tilvising til sjukehuset, er dei plikta til å vurdere tilvisinga di innan 10 verkedagar. Ved mistanke om alvorleg sjukdom skal konklusjonen komme raskare.

Behandling

Dersom det er bestemt at du skal behandlast for celleforandringar, vil du bli innkalt til sjukehuset for behandling.

Kirurgisk behandling - Konisering  

Behandlinga består av eit mindre inngrep kalt konisering av livmorhalsen, det vil seie av ein fjernar kirurgisk det området på livmorhalsen der celleforandringane sit. Inngrepet vil skje poliklinisk, og du reiser heim kort tid etter.

Konisering er ein effektiv behandling, og dei fleste vil ikkje trenge ytterlegare behandling.

  • Du kan ete og drikke som normalt før du kjem til sjukehuset
  • Du vil få informasjon av sjukepleiar før du blir følgd til behandlingsrommet

Under inngrepet skal du liggje på ein gynekologisk undersøkingsbenk. Du vil få lokalbedøving i livmorhalsen, og legen fjernar ein bit på ytre del av livmorhalsen. Du vil ikkje kjenne smerte under inngrepet. Ein sjukepleiar vil vere til stades under heile behandlinga som tar om lag 20 minutt.

Etter inngrepet blir du verande på sjukehuset i cirka ein halv time før du kan reise heim.

Inngrepet vil skje ved dagkirurgisk eining, Haugesund sjukehus.

Oppfølging

Inngrepet vil vanlegvis medføre noke bløding, og nokon kan oppleve menstruasjonsliknande smerter i etterkant. Paracet / Ibux hjelper ofte godt mot dette. Blødinga vil etter kvart gå over til brunleg utflod eller gulaktig sårvæske som kan vere litt illeluktande. Dette er heilt normalt.

  • Etter 7 til 10 dagar kan blødinga frå sårflatane auke då ei sårskorpe fell av. Blødings - / sivingsperioden kan strekkje seg over 4 til 6 veker, dette er veldig individuelt.
  • Vevsbiten som blir fjerna vil bli sendt til undersøking. Svaret vil vere klart etter cirka 4 vekers tid, og du vil få eit brev i posten med svar uansett kva resultatet er. Kopi av svaret vil også bli sendt til din fastlege / gynekolog.
  • Unngå karbad, offentlege bad, samleie og bruk av tampong så lenge blødinga varer for å unngå infeksjon etter inngrepet.
  • Hald deg i ro dei første 3 dagane etter inngrepet. Etter dette kan du gjenoppta aktivitet som normalt.
  • Kontroll etter inngrepet er viktig. Når og kor kontrollen skal skje, blir avtalt med den legen som behandlar deg på sjukehuset.

Til deg som ikkje har vore gjennom behandling

Det er ikkje alle pasientar som treng behandling, og celleforandringane kan forsvinne av seg sjølv. Om du har celleforandringar som ikkje treng behandling, vil du få jamnlege innkallingar for å ta celleprøva, anten på sjukehus, hos fastlege eller gynekolog.

På denne måten kan du kjenne deg trygg på at celleforandringane er under kontroll og observasjon. Om dei skulle utvikle seg, vil det bli oppdaga på ein av dine kontroll-celleprøvar, og du vil få behandling raskt.

Ver merksam

Ta direkte kontakt med sjukehuset dersom du etter inngrepet får:

  • Feber
  • Aukande bløding eller kraftig bløding (meir enn ved vanleg menstruasjon)
  • Aukande smerter

Kontakt

Haugesund sjukehus Gynekologisk sengepost

Kontakt Gynekologisk sengepost

Oppmøtestad

Oppmøtested gynekologisk sengeposter i 3.etg i nybygget Sydvest. Vi held til sammen med fødeavdelinga.

Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​