Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Crohns sjukdom er ein kronisk tarmsjukdom som kan gi alvorlege komplikasjonar. Legemiddel kan halde symptoma i sjakk, men mange treng kirurgisk behandling.
Ved Crohns sjukdom får pasienten flekkvis betennelse i tarmen. Sjukdommen kan gi betennelse i heile tarmsystemet, frå munn til endetarmen. Dei vanlegaste symptoma er diaré og magesmerter, men sjukdommen kan gi varierande grad av plagar og er mange gonger vanskeleg å påvise. Nokon har hatt ulike mageplagar i lang tid før dei kontaktar lege, andre får akutte plagar. Hos dei aller fleste kan ein stille diagnosen med koloskopi.
Dersom ein har Crohns sjukdom i tarmen og symptom som diare, magesmerter og vekttap, er det i dei fleste tilfelle behov for behandling med medisinar. Behandlinga har som mål å hemme betennelsen, hindre tilbakefall og forhindre langtidsskade av tarmen. Ved manglande effekt av medisinar eller ved sjukdomskomplikasjonar er kirurgisk behandling nødvendig.
Sjukdommen krev livslang oppfølging. Pasientar med ukomplisert sjukdom kan bli følgd opp av primærhelsetenesta, men pasientar med stadige tilbakefall med betennelse og komplikasjonar bør følgjast opp ved sjukehuset. Målet med oppfølginga er å vurdere effekt av behandling samt å påvise og behandle tilbakefall og komplikasjonar.
Pasientens fastlege eller privatpraktiserande spesialist i mage-tarmsjukdommar tilviser pasienten til sjukehuset for utgreiing og / eller behandling av mistenkt Crohns sjukdom.
På sjukehuset går ein på ny gjennom sjukehistoria og ny kroppsundersøking, og tidlegare undersøkingar blir gjennomgått saman med pasienten. Manglande opplysningar blir innhenta og manglande undersøkingar blir bestilt. Nokon gonger vil undersøkingar planleggjast før ein oppsummerande samtale.
Ved diagnostisering av sjukdommen og for å følgje med om behandlinga har effekt, bruker ein fleire ulike testar. Det viktigaste verktøyet er endoskopiske undersøkingar. Dei fleste av pasientane med Crohns sjukdom (90 prosent) får påvist sjukdommen ved koloskopi.
For dei som har Crohns sjukdom i øvre deler av mage-tarmkanalen, er det nødvendig med ei eller fleire supplerande undersøkingar. Det blir brukt både MR og ultralyd, men også ulike andre endoskopiske undersøkingar.
Ventetiden for utgreiing kan variere frå ei veke til nokre månader, og det kjem an på korleis symptoma er og kor alvorleg tilvisande lege vurderer tilstanden. I sjeldne tilfelle blir pasientane innlagt for utgreiing dersom allmenntilstanden er veldig dårleg.
Hos dei fleste av pasientane er sjukdommen lokalisert i tykktarm og/eller siste del av tynntarmen. Hos desse vil ein kunne stille diagnosen dersom ein ser sår og betennelse, men nokon gonger må vi vente på svar frå vevsprøvane som blir tatt under undersøkinga. Det tar vanlegvis nokon veker å få svaret på.
Hos pasientar med sjukdom i øvrige deler av mage-tarmkanalen eller lite funn, kan det vere vanskelegare å setje diagnosen då eit vanleg magesår eller magekatarr av og til kan likne på Crohns sjukdom. Vi brukar då gastroskopi, ultralyd tarm, MR tynntarm og kapselendoskopi for å finne diagnosen, men ofte må ein eller fleire av desse undersøkingane kombinerast før ein er sikker.
Etter at diagnosen er stilt vil behandlinga som oftast starte umiddelbart, men det er avhengig av kva medikament ein har bestemt å gi.
Om du har Crohns sjukdom vurderer vi nå om du skal ha behandling og eventuelt kva behandling som er best for deg.
Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.
Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:
Medisinsk behandling av Crohns sjukdom har tre hovudprinsipp:
Nokre medisinar blir berre brukt til å slå ned betennelse mens andre blir gitt både som anfallsbehandling og vedlikehaldsbehandling.
Les meir om betennelsesdempande- og immunhemmande legemiddel på helsenorge.no
Crohns sjukdom er ein sjukdom ein har heile livet og behandlinga kan derfor også vere livslang. Dei fleste pasientar får behandlingseffekt av anfallsbehandlinga innan ei veke. Det kan imidlertid ta betydeleg lengre tid før ein er i remisjon.
Effekten av medisinar som skal brukast over lengre tid kan ta 3-5 månader, men vurderast vanlegvis etter 3 månader.
Ved utilfredsstillande effekt vil ein vurdere å skifte til anna type behandling.
Ved hjelp av medikamentell behandling kan dei fleste oppnå kontroll med symptoma, men hos enkelte pasientar kan kirurgi vere nødvendig.
Oppfølginga skjer i samarbeid med fastlegen. Ved milde sjukdomstilfelle kan all vidare oppfølging gjerast av fastlegen, som tilviser til sjukehuset ved behov.
Ved meir uttalt sjukdom bør sjukehuset styre behandlinga av pasienten og ta dei inn til jamnlege kontrollar. Framleis vil fastlegen ha ei viktig rolle i oppfølginga mellom spesialistbesøk.
Du finn oss i 3. etasje på Haugesund sjukehus, ventesone 3B.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund