Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
EEG (elektroencefalografi) er ei undersøking som registrerer elektrisk aktivitet/signal i hjernen. Dette gjer vi ved hjelp av elektrodar som er festa på hovudet. Signala blir bearbeidd og kan sjåast i form av bølger på ein skjerm. Under undersøkinga gjer vi eit videoopptak av deg. EEG er heilt smertefritt.
EEG er ei nyttig undersøking for utgreiing av ulike tilstandar som avsvimingar, epilepsi, koma, personlegdomsforandring, spiseforstyrring, søvnforstyrring og etter ulike hendingar.
Ved elektrokonvulsiv terapi, også kalla elektrosjokkbehandling, blir brukt EEG som overvaking.
Det er viktig at du et før du kjem til undersøkinga. Faste medisinar skal du ta som vanleg. Møt opp med nyvaska hår, bruk berre sjampo, ingen andre hårprodukt.
Små barn som bruker bleie, bør vere reine og tørre. Ta gjerne med ei flaske med drikke eller ein smokk.
Om du skal til EEG etter søvndeprivasjon, er det andre førebuingar.
Undersøkinga er smertefri.
Fleire små elektrodar blir festa på hovudbotnen etter vasking av huda og påføring av elektrodepasta. Pastaen held elektrodane på plass og sikrar god signaloverføring. Av og til får du ei nettinglue over elektrodane.
Du ligg på ei seng under registreringa. Det er viktig at du ligg roleg og avslappa under undersøkinga, da registreringa blir forstyrra av uro. Samtidig med registreringa av hjerneaktiviteten blir det gjort videoopptak. Sjølve EEG-registreringa varer i ca. 20 minutt, og til saman varer undersøkinga i cirka 45 minutt.
Små barn kan lese bok, bruke nettbrett eller liknande. Ta gjerne med noko heimanfrå som de veit barnet liker å halde på med.
Vi vurderer undervegs om følgande typar aktivering blir nytta:
Det er lurt å ta med seg lue, kaps eller anna hovudplagg, da håret blir klissete av elektrodepastaen.
Resultatet blir sendt til legen som viste deg til undersøkinga. Det er tilvisande lege eller eventuelt fastlegen som tar hand om vidare oppfølging og behandling.
Det er ingen komplikasjonar ved denne undersøkinga.
Ventetid: Ikke oppdatert
Kontakt Nevrologisk avdelingNevrologisk sengepost
Vi held til i 5. etasje på Haugesund sjukehus. Bruk heisen ved Narvesen kiosken for å kome til oss.
Nevrologisk poliklinikk
Vi held til i 6. etasje på Haugesund sjukehus. Bruk heisen ved Narvesen kiosken for å kome til oss.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund