Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Normalt behandlar vi bakterieinfeksjonar med antibiotika. Nokre bakteriar får eigenskapar som gjer at dei blir motstandsdyktige mot fleire typar antibiotika. ESBL (extended spectrum beta‐laktamase) er forkortinga for ein slik eigenskap. Det er viktig at du vaskar og spritar hendene.
Bakteriar med ESBL er i avføringa og kan finnast på huda, på hendene og på flater som mobiltelefon, nattbord, sengetøy, dørhandtak og på inventar på baderom/toalett. Dei som rører/tar på desse områda, kan bli smitta.
Smitten blir vanlegvis overført via hendene til munnen. Derfor er det viktig at du vaskar hendene med såpe og vatn.
Bakteriar med ESBL er vanlegare utanfor Noreg, og innlegging på sjukehus i utlandet gir større risiko for å bli smitta. Menneske med alvorleg sjukdom og/eller nedsett immunforsvar (for eksempel kreft) er mest utsett for å bli sjuke av ESBL.
Bakteriar med ESBL lever som regel fredeleg i tarmen utan at ein sjølv blir sjuk. Denne tilstanden kallar ein «ESBL‐berarskap» eller «kolonisering». Bakteriane kan forsvinne av seg sjølve, men det kan ta mange månader, i enkelte tilfelle fleire år.
Dersom ESBL forårsakar ein infeksjon, er urinvegsinfeksjon vanlegast. Andre infeksjonar kan også førekomme.
Det finst inga effektiv behandling som fjernar bakteriane frå tarmen. Men som regel klarer vi å behandle infeksjonane du får av bakterien.
Det viktigaste du kan gjere for å unngå smitte, er både å vaske hendene og å bruke handsprit.
På sjukehuset vil du få einerom og eige toalett. Dei som møter deg har smittefrakk, hanskar, munnbind og vernebriller. Vi samlar skittentøy i ein eigen gul sekk på rommet.
I utgangspunktet må du vere på rommet heile tida. Du kan spørje om å få lov til å forlate rommet.
Du kan få besøk, men dei som besøker deg må følge alle reglane som står her.
Be personalet om meir informasjon. Det finst to brosjyrar, éin brosjyre med informasjon til pasientar og éin brosjyre med informasjon til besøkande.
Når du har komme heim, kan du leve som normalt, men du må framleis vere nøye med hygienen for å hindre smitte.