Før operasjonen må vi vite om du har sjukdommar eller allergiar og om du bruker medisinar. Dette kan ha relevans for operasjonen eller narkosen og det kan vere aktuelt å bli vurdert av anestesilege før operasjonsdagen.
Du må på førehand fylle ut eigenmeldingsskjema om helsetilstand. Dette er for at sjukehuset skal vite om sjukdommar eller symptom som må vurderast før operasjonen og for å vurdere om du skal leggast inn før eller etter operasjonen.
Har du tidlegare hatt spesielle erfaringar frå bedøving eller narkose vil vi gjerne at du fortel oss om det. Har det vore problem med anestesi ved andre sjukehus, bør de skaffe kopi av anestesijournal og ta den med til oss.
Ta med medisinlista di til sjukehuset dersom du har det. Gi også beskjed om du bruker naturmedisin eller kosttilskot. Det er anestesilegen som avgjer kva medisinar du kan ta før operasjonen.
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.
Hygiene
Det er viktig at du dusjar og vaskar håret heime på operasjonsdagen eller kvelden før.
Du kan ikkje ha på deg ringar, klokker, piercing, kontaktlinser, sminke eller neglelakk før operasjonen. Briller og høyreapparat kan du ha på.
Sjukehuset må vite om du har tannprotese, bru, krone, stift eller lause tenner. Protesar kan du behalde til du er inne på operasjonsstova, men dei må fjernast før du sovnar.
Oppmøte
På sjukehuset møter du personell som tar i mot deg og du får utdelt sjukehusklede og seng. Vi har garderobeskap med lås kor du kan oppbevare tinga dine. Førebu deg på at det kan bli venting denne dagen.