Barnet møter fastande til operasjon. Alle smykke må vere fjerna.
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må barnet faste. Dersom barnet ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsette timen.
Dei siste 6 timane før operasjon/undersøking skal barnet ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Spedbarn kan få morsmjølkerstatning inntil 4 timar før, og morsmjølk inntil 3 timar før. Dei siste 2 timane skal barnet unngå drops og tyggegummi, snus og røyk, fordi dette kan auke mageinnhold og magesyre. Barnet kan drikke klare væsker fram til 1 time før operasjon/undersøking: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Barnet kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.
- Mat og mjølk: Skal stoppast 6 timar før
- Morsmjølkerstatning: Skal stoppast 4 timar før
- Morsmjølk: Skal stoppast 3 timar før
- Drops og tyggegummi, røyk og snus: Skal stoppast 2 timar før
- Klare væsker: Skal stoppast 1 time før
Dersom barnet likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det. Strengare reglar kan vere nødvendig for nokon. Det får de i så fall beskjed om.