Behandling

Fjerning av halscyster

Halscystar og halsfistlar er medfødde forandringar forårsaka av ei utviklingsforstyrring i fosterlivet. Likevel kan av og til halscystar og halsfistlar oppdagast først i vaksen alder. Slike forandringar kan anten vera lokalisert midt framme i midtlinja på halsen (median halscyste) eller framfor den skrå halsmuskelen (lateral halscyste). Plasseringa av halscysten er avgjerande for korleis ein planlegg operasjonen.

Før

Før operasjonen må vi vete om du har sjukdommar eller allergiar og om du bruker medisiner. Dette kan ha relevans for operasjonen eller narkosen og det kan vere aktuelt å bli vurdert av anestesilege før operasjonsdagen.

Alle må på førehand fylle ut "Egenmeldingsskjema om helsetilstand" . Dette er for at sjukehuset skal vete om sjukdommar eller symptomer som må vurderast før operasjonen og for å vurdere om du skal leggast inn før eller etter operasjonen.

Har de tidlegare hatt spesielle erfaringar frå bedøving eller narkose, vil vi gjerne at de fortel oss om det. Har det vore problem med anestesi ved andre sjukehus, bør de om mogleg skaffe kopi av anestesijournal og ta den med til oss.

Ta med medisinlisten din til sjukehuset dersom du har det. Gi også beskjed om du bruker naturmedisiner eller kosttilskudd. Det er anestesilegen som avgjer kva for medisiner du kan ta før operasjonen.

Faste
Du skal faste før operasjonen. Det betyr at du ikkje kan ete fast føde eller drikke mjølkeprodukt (dette inkluderer yoghurt) etter kl. 24.00 kvelden før operasjonen. Du kan drikke litt klare væsker som saft, tynn juice utan fruktbitar og vatn frem til 2 timar før oppmøtetid på operasjonsdagen. Etter dette kan du ikkje ete eller drikke noko. Du kan heller ikkje bruke drops eller tyggegummi. Du bør ikkje bruke røyk eller snus dei siste 6 timane før operasjonen.

Hygiene
Det er viktig at du dusjar og vaskar håret heime på operasjonsdagen eller kvelden før.
Du kan ikkje ha på deg ringer, klokker, piercinger, kontaktlinser, sminke eller neglelakk før operasjonen. Briller og høyreapparat kan du ha på. 

Sjukehuset må vite om du har tannproteser, bro, krone, stift eller lause tenner. Proteser kan du behalde til du er inne på operasjonsstuen. Dei må takast ut før du sovnar.

Oppmøte
På sjukehuset møter du personell som tek i mot deg og du får utdelt sjukehusklede og seng. Vi har garderobeskap med lås kor du kan oppbevare eigendelane dine. Førebu deg på at det kan bli venting denne dagen.
For å redusere smerte etter operasjon vil du få smertestillande.


Under

Operasjonen blir gjort i narkose. Anestesisjukepleiar og anestesilege passar på at du søv godt og får rett bedøving. Blodtrykk, puls og mengde surstoff i blodet blir målt kontinuerleg.   

Under operasjon av ein halscyste framme i halsen tar vi bort midtre del av tungebeinet. Når halscyste på sida i halsen blir operert bort, hender det at halsmandelen (tonsillen) på den same sida også blir fjerna. 

Operasjonen tar mellom 1,5-3 timar.


g_f9d2f2a5_2c7b_4567_9ba1_be98589e1a13

Etter

Etter operasjonen må du vere på oppvakningsrommet i minst 2 timar. Du vil få medisinar for smerte og eventuelt for kvalme dersom du treng det. 

Heimreise

Dei fleste pasientane ligg ei natt på sjukehuset etter denne operasjonen.  Av og til legg me ein plastslange i såret (dren), for å fjerna blod og sårvæske. Dette blir vanlegvis fjerna dagen etter operasjonen.

Du skal ikkje forlate sjukehuset aleine; du må avtale at nokon kan komme og hente deg. Du skal heller ikkje vere aleine fyrste kveld og natt etter operasjonen. 

Smertelindring

Før heimreise vil legen som opererte deg og sjukepleiar på oppvakinga snakke med deg om kva du må passe på etter operasjonen og du vil få informasjon om bruk av smertestillande medisin. Legen sender elektronisk resept til apoteket. Dei fleste har lite smerter etter operasjonen. Ta smertestillande medisin etter legen sine råd.

Mat og drikke

Du kan ete og drikke som normalt. 

Dusj/bad

Du kan dusje, men bandasjen må ikkje bli våt. Bytt bandasje dersom den er våt eller det er synleg blod på den.

Sjukmelding

Det er vanleg med sjukemelding i 1-2 veker.  Be om sjukemelding eller fråverserklæring dersom du treng det.

Aktivitet og trening

Etter operasjonen skal du ta det med ro. Unngå fysisk aktivitet (sport/gym) og tunge løft dei første 14 dagane.

Kontroll/oppfølging

Sting i såret skal fjernast etter cirka 10 dagar hos fastlege dersom ikkje noko anna er bestemt. 

Ver merksam

Om du skulle få infeksjon i såret må du ta kontakt med oss. 

Forbigåande lamming i ansiktet skjer i nokre tilfelle, vedvarande lamming er svært sjeldan. 

Kontakt avdelinga dersom du får nokre av disse plagene:

  • Tung pust
  • Bløding i såret
  • Væske fra såret
  • Aukande hevelse, raude eller smerte frå såret
  • Aukande hevelse i eit eller begge bein
  • Sjukdomskjensle/nedsett allmenntilstand
  • Svimmelheit eller svime
  • ​ Feber

Blir du akutt sjuk, ring 113.

 

Kontakt

Haugesund sjukehus Øre-nese-hals

Kontakt Øre-nese-hals

Oppmøtestad

Våre lokalar er i første etasje ved Haugesund sjukehus. Du kan bruke hovudinngangen og passere resepsjonen og sjukehusapoteket - du finn oss heilt i enden av korridoren.

Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​