Til deg som skal reise heim same dag
Etter operasjonen blir du observert på oppvakningsavdelinga. Kirurgen vil informere om operasjonen og forholdsreglar etter operasjonen. Du kan vanlegvis reise heim etter 3 timar. Du må ha følge heim, ikkje køyre bil sjølv og ikkje vere aleine den første kvelden og natta etter operasjonen.
Til deg som er innlagt på sjukehuset
Etter operasjonen må du observerast i minimum 3 timar. Du kan ikkje vere aleine den første kvelden og natta etter operasjonen. Derfor må pasientar som overnattar ved enkelte pasienthotell, ha med ein vaksen pårørande. Dersom dette gjeld deg, vil du få beskjed av oss i god tid før innlegginga. Neste dag har du ein utskrivingssamtale med lege.
Sjukmelding
Du får sjukmelding/fråværserklæring i 14 dagar (legen fyller ut skjema før du reiser heim).
Smerter
Dei fleste har ein del smerter i halsen etter operasjonen. Ta smertestillande medisin etter tilrådingar frå legen.
Det er ikkje uvanleg å få øyresmerter cirka 2 dagar etter operasjonen. Øyresmertene kjem av hevelse rundt nervane som går frå halsen opp til øyret. Ubehaget kan reduserast ved at du ligg med overkroppen heva.
Det er viktig at du drikk ofte i 7 dagar etter operasjonen. Det kan hindre danning av harde skorper på sårflatene, som kan gi auka smerter.
Reseptar
Du vil få reseptar på smertestillande medisinar (eResept) .
Ved bløding etter operasjonen
Det er ikkje uvanleg med noko slim blanda med blod, den første tida etter operasjonen. Prøv kaldt omslag på halsen/nakken og å suge på ein isbit, ete is eller drikke kaldt vatn. Dersom du blør (meir enn blod i spytt), må du ta direkte kontakt med ambulanse på telefon 113. Dette gjeld både når du er heime og når du overnattar på pasienthotell.
Bløding etter fjerning av mandlar kan vere alvorleg. Ta kontakt ved den minste tvil og ha låg terskel for å ringe 113.
Forholdsreglar for å redusere risiko for bløding etter operasjonen
Dei første 24 timane etter operasjonen bør du ikkje
- køyre bil
- reise med fly
- drikke alkohol
- røyke eller snuse
Trening og aktivitet
Unngå å anstrenge deg fysisk (sport/kroppsøving), tunge løft og seksuell aktivitet i 14 dagar etter operasjonen. Når blodtrykket stig, utvidar blodkara seg og dermed aukar blødingsfaren. Etter 14 dagar kan du starte forsiktig og auke treninga gradvis. Det beste er å begynne med uthaldstrening og deretter varsamt med styrketrening.
Dusj og bad
Unngå varmt vatn (over 37 grader) i dusj og bad i 7 dagar etter operasjonen.
Mat og drikke
Unngå varm mat og drikke, og mat med skarpe kantar (som knekkebrød, brødskorper, nøtter og liknande) i 7 dagar etter operasjonen.
Generell risiko og komplikasjonar
- endra smakssans
- hevelse i drøvelen som kan medføre brekkingsrefleks og svelgevanskar
- lett dårleg ande (dersom du blir plaga med sterk dårleg ande, kan dette vere teikn på infeksjon)
- tannskadar
- hud- og blautvevsskadar
Ta kontakt ved bløding, dersom du har feber som varer meir enn 2 dagar og er 38,5 eller høgare (dette kan vere teikn på infeksjon) eller har problem med å få i deg drikke.