Fluoresceinangiografi
Fluoresceinangiografi er ein metode for å undersøke blodsirkulasjonen i netthinna. Eit gult fargestoff (fluorescein) blir sprøyta inn i ein blodåre slik at vi kan følgje fargestoffet i blodkaret til netthinna ved hjelp av fotografi. Metoden blir brukt i diagnostisering av netthinnelidingar.
Før
Vi treng å vite om du er allergisk mot noko og om du er gravid.
Før undersøkinga får du augedropar som gjer pupillane store. Augedropane gjer at du blir ømfintleg for lys og at du får nedsett syn. Det tar cirka 15–20 minutt frå du får dropane til dei verkar.
Du får ein venekanyle på handbaken eller armen.
Under
Mens undersøkinga skjer, skal du sitte i ein stol framfor eit undersøkingsapparat. Du skal ha haka på hakestøtta til apparatet og panna godt inntil pannestøtta. Du vil få beskjed om å sjå på eit lyspunkt og følge dette lyset med blikket dersom det flyttar seg.
Undervegs i undersøkinga vil sjukepleiaren gi deg kontrastvæske (fargestoff) gjennom venekanylen. Nokon kan oppleve kvalme når vi set inn fargestoffa, men det går som regel fort over.Etter
Legen bruker funna frå undersøkinga i si heilskaplege vurdering. Venekanylen blir fjerna etter at du har vore til legen.
Kontrastvæska vil gi litt forbigåande gulheit i huda, i kviten til auget og i urinen.
Augedropane fører til at du blir lysømfintleg og at du får nedsett syn. Desse vil ha verknad frå nokre timar til eit heilt døgn. Du kan ikkje køyre bil før pupillen er normal igjen.Kontakt
Haugesund sjukehus
Øye
Oppmøtestad
4. etasje ved Haugesund sjukehus.
Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund