Behandling
Fødsel i seteleie
Når det er setet til barnet og/eller fot som ligg nedst i fødselskanalen, og derfor blir den delen som blir fødd først, blir dette kalla setefødsel. Om lag 3-4 prosent av alle barn ligg i seteleie ved termin.
Tilvising og vurdering
Lege/jordmor kjenner på magen din for å finne ut korleis barnet ligg. Dersom barnet ligg i seteleie etter svangerskapsveke 36-37, blir du vist til næraste fødeavdeling eller gynekolog.
Før
Før fødselen vurderer vi om vi kan tilrå vaginal setefødsel, eller om det er nødvendig å gjere eit planlagt keisarsnitt. Eit anna alternativ er å prøve ytre vending av barnet. Barnet skal ikkje vere for stort eller for lite. Det er også viktig med god informasjon i forkant slik at du kjenner deg trygg og kan vere førebudd på kva som skal skje i fødselen.
Under
Snakk med lege/jordmor du går på kontroll hos, om korleis du skal forhalde deg om fostervatnet byrjar å renne.
Skal du føde barnet ditt i seteleie tilrår vi at du tek kontakt med fødeavdelinga når fødselen startar. Du vil då få råd og rettleiing, mellom anna om når du bør komme til avdelinga.
Vi gjer dei same undersøkingane når du kjem til fødeavdelinga, som dersom barnet hadde lege i hovudleie.
Smertelindring
Ved vaginal setefødsel tilrår vi at du får eit epiduralkateter i ryggen fordi du treng god smertelindring når barnet skal fødast.
Overvaking
Ved seteleie overvaker vi hjartefrekvensen til barnet kontinuerleg gjennom fødselen for å vere sikre på at barnet har det fint. Det er likevel ikkje uvanleg at eit barn fødd i seteleie er litt slapt med ein gong. Barnet kan derfor trenge stimulering og enkel pustehjelp heilt i starten. Det er rutine at barnelege er til stades ved fødeavdelinga ved slutten av fødselen.
[Endre bokmål: Ved seteleie overvåker vi barnets hjertefrekvens kontinuerlig gjennom fødselen for å være sikre på at barnet har det fint.
Det er rutine at barnelege er til stede ved fødeavdelingen ved slutten av fødselen.]
Rifter
Mange kvinner uroar seg for at dei vil få rifter i samband med setefødsel. Setet er mjukt samanlikna med hovudet, og det er faktisk mindre risiko for alvorlege rifter under ein setefødsel enn ved ein hovudfødsel. Dei same retningslinjene som ved hovudleie er gjeldande for å vurdere eventuelt behov for klipp (episiotomi) under siste del av fødselen.
Framgang gjennom fødselen
Ved vaginal setefødsel er det viktig med god framgang gjennom fødselen og spesielt mot slutten. Det er som regel éin eller to legar som hjelper til og tek imot barnet, og jordmor er med og assisterer. På enkelte fødeavdelingar blir det fødd barn i seteleie med mor på alle fire. Uansett må du sjølv trykkje ut nesten heile barnet, og legen vil hjelpe til med å forløyse skuldrene og til slutt hovudet. Av og til kan det heilt på slutten bli nødvendig å leggje ei fødetong rundt hovudet til barnet for å forløyse hovudet til barnet på ein skånsam måte.
Keisarsnitt
Ein har ikkje høve til å hjelpe til med tong eller sugekopp (vakuum) tidlegare i fødselsforløpet på same måte som ved eit hovudleie. Dette betyr at fleire kvinner med seteleie vil ende opp med eit akutt keisarsnitt. Tal frå Noreg viser at opptil 30 % av dei som prøver ein vaginal setefødsel vil ende opp med akutt keisarsnitt. Ved hovudleie ligg keisarsnittdelen på 2-20 %, avhengig av om ein føder for første gong eller om ein har fødd tidlegare.
Akutt keisarsnitt i fødsel blir vanlegvis gjort med bedøving i ryggen, slik at du er vaken. Ein følgeperson kan som oftast vere med på operasjonsstova. Det er litt større risiko for infeksjon og bløding ved eit akutt keisarsnitt samanlikna med eit planlagt keisarsnitt. Likevel har barnet fått fordelane av stimulering med rier og barnet har blitt eksponert for bakteriar i fødselskanalen som har vist seg å vere gunstig.
Forsking tyder på at barn fødd vaginalt vil ha mindre risiko for astma, allergi, overvekt, autoimmune sjukdommar og diabetes seinare i livet, samanlikna med barn som er forløyste ved planlagt keisarsnitt. Etter vaginal fødsel vil ein i neste svangerskap ha større sjanse for å kunne føde normalt (uavhengig av leie), og ein vil ikkje ha med seg dei risikofaktorane som eit arr i livmora kan medføre.
Etter
Nokre foreldre bekymrar seg for at ein setefødsel kan skade hoftene hos barnet. Det er rett at barn som ligg i seteleie oftare har såkalla hofteleddsdysplasi (for lite djupe hofteskåler), enn barn som har lege i hovudleie. Sjølve fødselen vil ikkje påverke dette, dette er relatert til slik barnet ligg før fødselen og barnet vil uansett bli undersøkt av barnelege etter fødselen.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Føde og barsel Haugesund
Oppmøtestad
3. etasje i nybygget ved Haugesund sjukehus. Gå gjennom dei doble dørene ved Narvesen og ta heis eller trapp opp til vår avdeling.
Besøkstider og retningslinjer for besøk
- Barnefar: kl. 09.00 - 21.00
- Barnets søsken og besteforeldre: kl. 17.00 - 18.00
Andre besøkande er av omsyn til mor og barn, ikkje tillate i avdelinga.
Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund