Legen vil saman med deg vurdere kva for type behandling som er aktuell for deg.
Framfall av livmor
Framfall av skjede og/eller livmor er ein tilstand kor deler av skjedeveggen eller livmortappen søkke nedover i skjeden og kan kome delvis ut av vagina når ein sitt lenge, har stått eller gått mykje.
Symptom
Dei vanligaste symptoma er følelse av tyngde og/eller trykk i underlivet. Nokon opplev at det er vanskeleg å tømme blæra heilt ved toalettbesøk.
Ulike typar framfall av skjede/livmor:
- Fremre skjedevegg (blæreframfall/cystocele)
- Bakre skjedevegg, eventuelt med effekt på tarm (rectocele/entorocele)
- Livmor eller framfall (decens av uterus/cervixelongasjon)
- Framfall av skjedetopp/ livmor (uterindescens)
- Totalprolaps, heile livmora kjem ut av skjeden
- Kombinasjonar av desse
Utredning
Behandling
Oppfølging
Ver merksam
Dei første 14 dagane etter operasjonen bør du kontakte oss dersom:
- Du får problem med vasslating, delvis eller heilt.
- Du får feber over 38 grader celsius og nedsett allmenntilstand som ikkje går over i løpet av to dagar
- Du opplev aukande trykk og press i underlivet
- Du opplev pågåande kraftig bløding (som en menstruasjon)