Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Framfall av skjede og/eller livmor er ein tilstand kor deler av skjedeveggen eller livmortappen søkke nedover i skjeden og kan kome delvis ut av vagina når ein sitt lenge, har stått eller gått mykje.
Dei vanligaste symptoma er følelse av tyngde og/eller trykk i underlivet. Nokon opplev at det er vanskeleg å tømme blæra heilt ved toalettbesøk.
Ulike typar framfall av skjede/livmor:
Legen vil saman med deg vurdere kva for type behandling som er aktuell for deg.
Framfall av livmor/skjede kan enten blir behandla ved at du får tilpassa ein pessarring, eller at det blir gjennomført ein operasjon.
Pessarring
Ein mjuk plastring som blir tilpassa hos gynekolog og som blir lagt permanent inn i skjeden. Du kjenner ikkje at ringen er der, og symptoma på framfall blir borte.
Ved innsetting av passarring er det nødvendig med kontroll noen gonger i året for å vere sikker på at ringen sitt slik den skal. Det anbefalast at du bruker krem/stikkpiller for at slimhinna i skjeden skal bli tjukkare og ikkje så lett gir gnagsår.
Dei første 14 dagane etter operasjonen bør du kontakte oss dersom: