Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Gallestein er små steinar som blir danna i galleblæra. Gallestein er vanleg, men kan vere smertefullt. Når gallestein skader/irriterer galleblæreveggen, kan galleblæra bli betent. Da er det vanleg å fjerne galleblæra med ein operasjon.
For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlegen er den som oftast tilviser. I nokre tilfelle kan anna helsepersonell tilvise deg, til dømes til biletundersøkingar (MR, CT eller røntgen). Når vi har fått tilvisinga, vil du få svar på om du har rett til behandling i spesialisthelsetenesta.
Beskrivinga di av plagene, resultat av blodprøver og funn ved ultralydundersøking dannar grunnlaget for oppfordringa til kirurgen om eventuell operasjon.
Har du hatt betennelse i galleblæra og/eller andre komplikasjonar som kjem av gallestein (bukspyttkjertelbetennelse, stein på vandring i gallegangen), vil kirurgen som regel anbefale operasjon.
Det kan bli nødvendig med ei spesiell MR-undersøking av gallegangen, for å lokalisere steinar.
Om du har gallestein, vurderer vi om du skal ha behandling og eventuelt kva behandling som er best for deg. Du har rett til å vere med å bestemme, og vi tar avgjerda saman med deg. Dette kallar vi samval.
Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.
Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:
Dersom det er aktuelt å operere ut galleblæra, finst det fleire måtar å operere henne ut på:
Dersom galleblæra er svært betent eller du har vore operert i mageregionen tidlegare, kan det bli nødvendig med open kirurgi. Av og til må kirurgen byte til open kirurgi sjølv om operasjonen begynte med kikhòlskirurgi.
Dei fleste pasientar kan behandlast med dagkirurgisk behandling. Da møter du fastande om morgonen og kan reise heim nokre timar etter operasjonen. Spesielle forhold kan gjere at nokre pasientar må vere innlagde både før og etter operasjonen.
Det er ingen rutinemessig kontroll hos kirurg eller hos fastlege etter operasjon, men det blir gitt individuell oppfølging tilpassa behovet ditt. Galleblæra som blir operert ut, blir send til vevsundersøking ved behov.