Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Galleveiskreft

Gallevegskreft er ein sjeldan kreftsjukdom, som årleg rammar cirka 100–120 personar i Noreg. Denne kreftforma veks i gallegangane og blokkerer derfor gallens utløp til tarmen. Operasjon er iblant mogleg, men berre i den aller tidlegaste fasen.

Gallekreft kan forekomme i gallegangen eller i galleblæren. Vanlige symptomer er gulsott og smerter.

Les meir på helsenorge.no

Symptom

Med gallevegskreft meiner vi her gallegangskreft. Denne typen kreftsjukdom kan enten gå ut frå gallegangane som blir forma mellom levercellene, eller i hovudgallegangen som ber med seg galle frå levra til tynntarmen.
 
Behandlinga avheng veldig av kvar kreften sit. I dei fleste tilfelle kjenner vi ikkje nokon disponerande årsak, men ved visse typar sjukdommar er det auka risiko. Det gjeld blant anna ved primær skleroserande kolangitt (PSC), ei form for kronisk betennelse med forsnevring av gallegangane og ved sjeldne medfødde lidingar som cystar i gallegangane.
 
Har sjukdommen begynt å spreie seg, vil det ikkje lenger vere mogleg med operasjon, men det finst behandlingar som kan hjelpe deg til å leve lenger og lindre nokre av plagene. 
 
Symptom kan vere:
  • Gulsott, kløe og lys avføring
  • Vekttap, slappheit og høg feber
Symptoma er ikkje spesifikke, og det er fleire godarta sjukdommar som kan gi liknande plager, for eksempel betennelse i galleblære eller bukspyttkjertel. Det er derfor viktig å gjere ei utgreiing. 

 

Tilvising og vurdering

Når fastlegen har grunngitt mistanke om kreft, skal du bli tilvist direkte til eit pakkeforløp for kreft. Eit pakkeforløp er eit standardisert pasientforløp som beskriv organiseringa av utgreiing og behandling, kommunikasjon/dialog med deg og dine pårørande samt ansvarsplassering og konkrete forløpstider.
Forløpskoordinatoren sørger for å sette opp timane du skal ha i utgreiinga.

Utredning

I løpet av utgreiinga blir det gjort undersøkingar av deg for å avklare om du har kreft eller ikkje. 

Ved mistanke om kreft blir du undersøkt av lege. Vi tar ulike blodprøver samt radiologiske undersøkingar. Når resultata frå undersøkingane og prøvene er klare, vil vi som oftast kunne avklare om du har kreft eller ikkje, og vi stiller ei diagnose. Har du ikkje kreft, avsluttar vi pakkeforløpet.
 
Undersøkingane er ofte tilpassa kvar enkelt pasient, avhengig kor svulsten ligg. Vanlege undersøkingar kan vere: 
  • Blodprøver
  • MR undersøking av lever eller MRCP (MR-undersøking av blant anna galleveiane)
  • CT undersøking
  • ERCP – ei undersøking der ein slange blir ført gjennom munnen og inn i tolvfingertarmen. Derfrå kan gallegangen og svulsten bli nærmare vurdert, eventuelt ta ei vevsprøve. Blir òg brukt når ein skal legge inn gallestent som avlasting
 
 


 

 



​​​Pakkeforløp heim​

Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet går vi gjennom dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.

Pakkeforløp heim for kreft (helsenorge.no)​

Behandling

Dersom du har kreft, planlegg vi kva behandling som er best for deg. Avgjerd om behandling tar vi i samråd med deg, vanlegvis basert på vurdering i eit tverrfagleg team-møte.

Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.

Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:

  1. ​Kva alternativ har eg?
  2. Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
  3. Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokre av desse?

Les meir om samval på helsenorge.no

 
For pasientar med gallevegskreft vil som regel behandlinga vere operasjon, medikamentell behandling eller strålebehandling. Behandlinga avheng av kor langt kreftsjukdommen har komme. Dersom det er spreiing av svulsten, vil det ikkje vere mogleg å operere.

Operasjon

Pasientar som blir akseptert for kirurgi, vil gå gjennom ein omfattande operasjon der ein tar bort den delen av gallegangen som er sjuk, og erstattar den med ein del av tynntarmen. I mange av tilfella må også ein del av levra bli fjerna.

Strålebehandling og cellegift (kjemoterapi)

Strålebehandling og kjemoterapi kan bli tilbydd til to ulike formål. Ein kombinasjon av desse to behandlingane kan drepe kreftceller som eventuelt er igjen etter ein operasjon. Dei kan også bli brukt når ein ikkje kan operere kreften, for å forlenge livet.
Det kan likevel vere vanskeleg å avgjere om du skal ha cellegift, fordi biverknadene er ubehagelege, og effekten har ikkje vist seg å vere god nok for denne typen kreft. Du vil få ei samtale med kreftlege for nærmare diskusjon rundt dette.
Dersom kreften har spreidd seg, og ein ikkje kan kurere sjukdommen, kan endoskopi enkelte gonger lette symptoma. Plager som gulsott, kløe, kvalme og hyppige infeksjonar i gallegangane, kan bli betre ved hjelp av endoskopiske stentar, som er små plastrøyr som blir plassert i gallevegane dine, for å halde dei opne.
 
Dette blir gjort ved hjelp av ei ERCP-undersøking, der ein slange blir ført ned via munnen, forbi magesekken og fram til tolvfingertarmen. Herifrå kan stenten bli plassert i gallevegane. Undersøkinga kan bli opplevd som ubehageleg for mange, og ein bakdel med denne er at ein må bytte stenten regelmessig, fordi den blir tett.
 
Ei anna undersøking som kan lette på symptoma, er PTD (Perkutan transhepatisk drenasje), der ein legg eit dren gjennom huda og inn til dei djupe gallevegane, for å omdirigere gallen til ein pose på magen.

Lindrande behandling

Ved langtkommen kreft der ein ikkje kan kurere sjukdommen, finst det no ei rekke moglegheiter både til livsforlengande behandling og god symptomforebygging og symptomlindring.
 
Mange pasientar kan leve bra i årevis med kreft som har spreidd seg, og mange døyr av heilt andre årsaker.


 



 

Oppfølging

Behandlinga du har vore gjennom, vil vere førande for kva type oppfølging du får.

Første kontroll etter kirurgi er vanlegvis 4 veker etter innleggelsen.

Rehabilitering og meistring ved kreftsjukdom

Det finst ei rekkje tilbod som kan vere til hjelp for å kome tilbake til kvardagen under og etter kreftsjukdom. Derfor er det viktig å tenkje rehabilitering og meistring av sjukdommen heilt frå sjukdomsstart og begynnelsen av behandlinga. Målet er å kunne fungere og leve med eller etter kreftsjukdom, med so god livskvalitet som mogleg.





Ver merksam

Oppsøk lege dersom du opplever gulsott, kløe, vekttap og feber.

Sist faglig oppdatert 22.03.2023

Kontakt

Haugesund sjukehus Gastrokirurgisk avdeling

Kontakt Gastrokirurgisk avdeling

Oppmøtestad

Gastrokirurgisk poliklinikk hald til i 1. etasje på Haugesund sjukehus.

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.