Behandling
Hemoroider, operasjon
Når ein først har prøvd eigenbehandling mot hemoroider, og det ikkje hjelper, kan ein vurdere operasjon. Operasjonen blir vanlegvis utført utan overnatting på sjukehuset.
Tradisjonell operasjonsmetode er godt eigna ved ytre hemoroider, kombinerte, og interne hemoroider grad 3-4.
Inndeling av hemoroider
- Grad 1 blør, den buker ikkje ut og er ikkje synleg ved inspeksjon av endetarmen, men den kan påvisast ved kikkertundersøking.
- Grad 2 buker ut når du pressar, men glir tilbake av seg sjølv
- Grad 3 buker alltid ut, og må skyvast inn
- Grad 4 buker ut og let seg ikkje skyvast på plass (sjeldan tilstand)
Bløding er det hyppigaste symptomet ved grad 1-2 hemoroider, mens slim, smerter, kløe, irritasjon og hygieneproblem er dei hyppigaste symptoma ved grad 3-4 hemoroider. Ved hemoroider grad 4 kan det også bli lekkasjeproblem.
Før
Du må tøme tarmen før operasjonen ved hjelp av miniklyster. Følg rettleiinga i innkallinga frå sjukehuset.
Under
Du får oftest narkose eller ryggbedøving (spinalbedøving). Dersom det kun er éin hemoroide som skal fjernast i lokalbedøving, kan vi gjere det i lokalbedøving.
Vi fjerner hemoroidar med overliggande hud blir fjerna, og vi syr stinga ved basis av hemoroidane. Inntil tre større hemoroidar kan fjernast i ein seanse. Såret rundt endetarmen blir som eit kløverblad i form.
Etter
Noko smerter er vanleg etter operasjonen. Du får med deg resept på smertestillande tablettar. Du blir observert nokre timar etter narkosen, får mat og drikke og sjekk på at du får til å urinere før du kan reise heim.
Det tar ofte nokre veker før ein er heilt bra etter operasjonen.
Det er vanlegvis ikkje behov for spesiell kontroll på sjukehuset etter operasjonen. Viss du har fått operert fleire store hemoroider kan det vere behov for å gjenta prosedyren etter ei tid. Det blir i tilfellet avtalt kontroll på poliklinikk etter 6 - 8 veker i første omgang. Det er plagene dine etter første operasjon som er avgjerande for om det er nødvendig med eit nytt inngrep.
Behov for sjukmelding blir vurdert individuelt.
Smerter ved avføring er vanleg etter operasjonen, og du må rekne med å bruke smertestillande tablettar i nokre dagar. Vi anbefaler å bruke handdusj, og eventuelt eit mjukt toalettpapir med god sugeevne som kan dyttast mot sårflata utan å gni, for reingjering etter kvar avføring.
Ver merksam
Etter operasjonen er det viktig å halde avføringa mjuk for å unngå forstopping. Bruk eit lett avføringsmiddel, for eksempel Visiblin, Movikol eller Parafin til avføringa er kome greitt i gang utan behov for å trykke. Det er normalt med litt friskt blod i samband med avføringa dei første dagane.
Det er liten risiko for komplikasjonar, men alvorleg bløding kan forekome spesielt hos pasientar som bruker blodfortynnande medisinar. Ta kontakt med sjukehuset ved feber, frysingar eller dersom blødinga ikkje stoppar.
Kontakt
Odda sjukehus
Operasjon Odda
Oppmøtestad
Operasjon/dagkirurgi, 3. etasje.Odda sjukehus
Sjukehusvegen 10, 5750 Odda