Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Hepatitt C er eit virus som kan lage kronisk infeksjon i levra, men sjukdomsutviklinga varierer frå person til person. Alle personar med kronisk infeksjon blir tilbodne behandling. Medisinane som blir brukte nå har lite biverknader og fjernar viruset frå kroppen hos dei aller fleste.
Hos nokon vil immunforsvaret kunne fjerne viruset utan behandling. Det skjer i 15 til 45 prosent av tilfella, dei fleste dei første 6 månadene etter smitte.
Resten av pasientane får ein kronisk Hepatitt C-infeksjon, men er symptomfrie i mange år/tiår. Hos nokon vil leverbetennelsen etter kvart gi komplikasjonar som skrumplever (levercirrhose = lever med mykje arrvev) eller leverkreft.
Derfor bør alle med kronisk Hepatitt C-infeksjon bli vurderte for behandling. Behandlinga fjernar virus frå kroppen og stoppar utvikling av komplikasjonar.
Etter vellykka behandling vil du ikkje kunne smitte andre.Du kan bli smitta igjen.
Utgreiing, medisinar og kontrollar er gratis.
Du må legge ein plan for når det passar for deg å ta denne kuren. Det er viktig at du er i stand til å ta hepatitt C-medisinen kvar einaste dag og ikkje hoppar over dosar. Du må tenke igjennom om du treng hjelp til å hugse på kontrollar og hente tablettar på apoteket. I tilfelle ønsker vi oss eit telefonnummer vi kan ringe om du ikkje møter til kontroll og ikkje svarer på telefonen.
Du må ha med deg ei oppdatert og detaljert liste frå fastlegen over dei medisinane du bruker. Det er viktig å opplyse legen som skal behandle deg om du ammar eller har planar om å bli gravid i næraste framtid.
Det er ønskeleg at alle blir greidde ut med blodprøver og leverstivleiksmåling (elastografi). Nokre sjeldne gonger må det takast ei vevsprøve frå levra (biopsi).
Du vil også bli spurd om ting som kan ha noko å seie for behandlinga di:
Dette treng ikkje vere til hinder for behandlinga, men er viktig for oss å vite for å kunne lage eit bra opplegg for deg.
Du får ut medisinar på apoteket for fire veker av gongen.
Som oftast varer behandlinga i to eller tre månader (8–12 veker).
For å vere sikker på at behandlinga har verka, skal du komme til legetime for å ta ei siste blodprøve når det har gått tre månader frå du er ferdig med behandlinga. Om du da er virusfri, blir du rekna som varig frisk. Om du ikkje blir virusfri etter enda behandling (det skjer hos tre til seks prosent) blir du følgt opp vidare på poliklinikken, og vi prøver å finne ein annan og betre kur for deg.
Tablettane kan gi litt plager som trøyttleik, hovudverk, kløe og kvalme, men totalt sett har dei få biverknadene. Berre 2 av 100 må avbryte behandlinga på grunn av biverknader. Du kan vere i full jobb under behandlingsperioden.
Før du går i gang med ein kur, er det avgjerande at du tenker grundig igjennom korleis du skal unngå å bli smitta på nytt. Dette kan handle om å ta imot hjelp for å handtere avhengnad, alltid bruke reint utstyr når du bruker sprøyter eller verne deg på andre måtar. Dette er eit tema vi ønsker å diskutere litt med deg om før du går i gang. Du oppnår ikkje immunitet mot hepatitt C etter å ha gått gjennom sjukdommen.
Dersom du allereie har utvikla skrumplever eller forstadium til dette før behandling, bør dette følgast opp med ultralyd og blodprøver også etter vellykka behandling for hepatitt C. Det gjeld først og fremst dei som har levercirrhose.
Dersom du ikkje har teikn til skrumplever eller forstadium av denne og er virusfri tre månader etter avslutta kur, treng du ikkje vidare kontrollar.
Om du har risiko for å bli smitta på nytt bør du blir kontrollert med blodprøver årleg.
Kjelder for meir informasjon: Smittevernhandboka om Hepatitt C (Folkehelseinstituttet fhi.no)
Kor lenge må eg ha vore rusfri for å få tilbod om behandling?