Diagnose
Hjerneslag
Det er hovudsakleg to årsaker til hjerneslag: Ein blodpropp som blir sitjande fast i ei blodåre (hjerneinfarkt), eller ei blodåre som sprekk (hjernebløding). Hjerneslag er den tredje vanlegaste dødsårsaka i Noreg. Mange kan reddast berre dei kjem raskt nok til sjukehus.
Symptom
I utgangspunkt kan all plutseleg tap av funksjon vere forårsaka av hjerneslag. Dei mest vanlege symptoma er (anten åleine eller i kombinasjon):
- plutseleg ansiktslamming på den eine sida (facialisparese)
- lamming i arm og/eller bein på éi side
- språkproblem: anten problem med å seie setningar eller utydeleg tale
Utgreiing
Ved mistanke om hjerneslag startar behandlinga allereie i ambulansen. Her blir ulike målingar gjorde, og du blir overvakt under transport til sjukehuset. Du blir førebudd for mottak av hjerneslagteamet i akuttmottaket.
Hjerneslagteamet står klar når pasienten kjem. Teamet utfører omgåande ei klinisk nevrologisk vurdering og vurderer aktuelle moglegheiter for behandlinga. Før behandling blir det teke ein bilete (CT og/eller MR) av hjernen.
Bileta frå undersøkinga inneheld som regel ein angiografi, ei framstilling av blodårer i hjernen. Undersøkinga avklarer om pasienten har ei bløding eller infarkt, og om blodårane i hjernen er opne. Vidare behandling er avhengig av kva bileta viser.
Dei første undersøkingane i akuttmottaket inneheld mellom anna:
Ved behov vil det bli gjort fleire undersøkingar.
Behandling
Vi startar akuttbehandling, overvaking og rehabilitering for å hindre komplikasjonar og fremje funksjon så rask som mogleg.
Hjerneinfarkt
Dersom det er ein blodpropp som stoppar blodsirkulasjonen, og du kjem tidsnok til sjukehus, kan det vere mogleg å gi blodproppløysande behandling (intravenøs trombolyse). Behandlinga skal løyse opp tromben som blokkerer blodsirkulasjonen og skaden i hjernen kan dermed avgrensast. I nokre tilfelle kan denne behandlinga også hindre at det blir skade. Effekten av behandlinga er størst om ho blir gitt så tidleg som mogleg etter symptomdebut.
Hjernebløding
Symptom på hjerneinfarkt (manglande blodtilførsel) og symptom på hjernebløding er like. Dei kan ikkje skiljast ved klinisk undersøking, og bilete av hjernen må takast for å sjå om det er hjerneinfarkt eller hjernebløding.
Det finst ulike typar hjernebløding:
- blødingar i hjernevev (intraparekymale/intracerebrale blødingar)
- blødingar mellom hovudskalle og hjernen (subdurale eller epidurale blødingar subaraknoidalblødninger/aneurysmeblødninger).
Behandlinga av hjernebløding er avhengig av kva type hjernebløding som blir påvist. Behandlinga består av operasjon eller konservativ behandling. Konservativ behandling inneber som oftast intensiv hjerneovervaking og tidleg og nøyaktig blodtrykkskontroll.
Det er like viktig for pasientar med hjernebløding å komme raskt til behandling som det er for pasientar med hjerneinfarkt. Den vidare oppfølginga er ulik. Pasientar med gjennomgått hjernebløding blir som oftast ikkje behandla med blodfortynna medisin.
Alle slagpasientar (hjernebløding/hjerneinfarkt)
For alle slagpasientar er det viktig med hjerneovervaking under innlegginga, spesielt det første døgnet. Dette inneber nøyaktig kontroll av blodtrykk, kroppstemperatur, blodsukker, oksygenmetting og hjarterytme. Ultralydundersøkingar blir brukte til å bedømme og overvake blodtilførselen og for å overvake pasienten.
Alle pasientar får ein gjennomgang av risikofaktorar og individuell behandling når det gjeld desse. Dei fleste pasientar får medisinar som reduserer risiko for nye hendingar.
Oppfølging
Når du er i gang med rehabiliteringa, er ferdig utgreidd og har starta med førebygging av nye slag, blir du vurdert som klar for utskriving. Det er individuelt kor lang tid det tek.
Etter utskriving får dei fleste pasientar med hjerneslag ein kontroll ved lokalsjukehuset sitt 3 månadar etterpå. Ved behov kan det avtalast tidlegare eller fleire kontrollar.
Plan vidare
Dei aller fleste kjem heim til eigen bustad etter eit hjerneslag, anten direkte eller via eit rehabiliteringsopphald. Somme har då behov for kommunale tenester. For dei som blir så hardt ramma av hjerneslaget at dei vil ha behov for hjelp og omsorg gjennom heile døgnet, vil sjukeheimar vere det beste tilbodet.
Ofte er det ventetid på kommunal institusjonsplass. Pasientar som er utskrivingsklare og ventar på korttidsplass i sjukeheimar, kan bli flytta over til anna avdeling på sjukehuset. Dette er for å frigjere plass til nye pasientar med hjerneslag.
Utreisedagen blir det ført ein utskrivingssamtale med lege der det er mogleg for pårørande å delta. Under samtalen får de informasjon munnleg og skriftleg. De får reseptar, og det er viktig at medisinane blir henta på apoteket same dagen, slik at behandlinga som starta på sjukehuset ikkje blir avbroten.
Ver merksam
Er det plutseleg vanskeleg å prate, smile eller løfte armane? Det kan vere hjerneslag. Ring 113 – kvart sekund tel.