Undersøkinga krever ingen førebuingar.
Hodeimpulstest (HIT)
Hovudimpulstest (HIT) er ein enkel metode for å undersøke korleis balanseorganet og balansenerva fungerer.
Augene våre er, på same måte som moderne kamera, utstyrt med ein bildestabiliseringsfunksjon. Når vi snur hovudet raskt til sida, oppfattar buegangane i det indre øyret bevegelse og signal går til hjernen om at augene må bevege seg i motsett retning. Dette skjer lynraskt, og er viktig for at vi skal kunne sjå skarpt for eksempel når vi går eller spring. Det indre øyret er altså viktig også for synet vårt.
Tilvising og vurdering
Undersøkinga kan inngå i utgreiing av svimmelheit og balanseforstyrringar.
Før
Under
Etter
Ver merksam
Det er inga spesielle risikofaktorar med undersøkinga. Enkelte kan oppleve forbigåande svimmelheit.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Øre-nese-hals
Oppmøtestad
ØNH-ekspedisjon, 1. etg. Du kan bruke hovudinngang eller eigen inngang til ØNH frå Karmsundgata.

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund