Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Hovudimpulstest (HIT) er ein enkel metode for å undersøke korleis balanseorganet og balansenerva fungerer.
Augene våre er, på same måte som moderne kamera, utstyrt med ein bildestabiliseringsfunksjon. Når vi snur hovudet raskt til sida, oppfattar buegangane i det indre øyret bevegelse og signal går til hjernen om at augene må bevege seg i motsett retning. Dette skjer lynraskt, og er viktig for at vi skal kunne sjå skarpt for eksempel når vi går eller spring. Det indre øyret er altså viktig også for synet vårt.
Undersøkinga kan inngå i utgreiing av svimmelheit og balanseforstyrringar.
Undersøkinga krever ingen førebuingar.
Undersøkinga skjer ved at legen held hovudet ditt mellom hendene og beveger det med små, raske bevegelsar i forskjellige retningar. Under undersøkinga skal du feste blikket på eit punkt og augebevegelsane dine blir anten observert eller målt med høghastigheitsvideo.
Resultat av undersøkinga blir tolka av legen, som vil gi råd om vidare tiltak.
Det er inga spesielle risikofaktorar med undersøkinga. Enkelte kan oppleve forbigåande svimmelheit.
ØNH-ekspedisjon, 1. etg. Du kan bruke hovudinngang eller eigen inngang til ØNH frå Karmsundgata.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund