Det er tre moglege behandlingar; medisinar, radiojod eller kirurgi. Du vil få informasjon frå legen om kva behandling som er aktuell for deg.
Medisinar
Reduserer produksjonen av stoffskiftehormon i skjoldbrukskjertelen. Betring av symptoma skjer som regel innan 2-3 veker. Vanlegvis vil ein forsøke å avslutte behandlinga etter 12-18 månadar. Blodprøvar og storleiken på skjoldbrukskjertelen vil seie noko om sjukdomsaktiviteten og dermed noko om tidspunkt for å forsøke å slutte med medisinar. 30-50 % av pasientane vil ikkje ha noko tilbakefall. Etter avslutta medikamentell behandling, bør blodprøvar kontrollerast etter 4-6 veker, og deretter med tre månedars intervall det første året, samt ved symptom på oppblussing av sjukdomen.
Dersom det er teikn til ny sjukdomsaktivitet, kan behandling med radiojod eller operasjon vurderast.
Radiojod
Pasienten får ein tablett som inneheld radioaktivt jod. Stoffet samlar seg i skjoldbrukskjertelen, der strålinga vil få vev til å skrumpe inn. Behandlinga er anbefalt for pasientar med lite struma (liten forstørringe av skjoldbruskkjertelen og ukomplisert hyperthyreose). Behandlinga skal ikkje gis til gravide, eller kvinner som planlegg å bli gravidedei første seks månadane etter behandlinga.
Kirurgi
Operasjon for å fjerne skjoldbrukskjertelen, vanlegvis heile. Denne behandlinga er å føretrekke for pasientar som har teikn til utståande auger som følge av for høgt stoffskifte eller stor forstørring av skjoldbruskkjertelen. Pasienten bør ha normalt stoffskifte før operasjonen og blir derfor først behandla med medisinar. Etter operasjonen treng pasienten vanlegvis behandling med stoffskiftehormon (tyroksin) resten av livet. For å sikre rett dosering, blir blodprøvane kontrollerte med 4-6 vekers mellomrom til rett dose funne.
Samval
Kva som er best for deg kan du og helsepersonell kome fram til saman. Dette kallast samval. Å vere med og bestemme er ein rettigheit du har.
Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.
Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar: