Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Høyreapparatkontroll

Under ein høyreapparatkontroll gjer vi ein heilskapleg sjekk av korleis du fungerer med høyreapparata dine.

Tilvising og vurdering

Høyreapparatkontroll blir sett opp på førespurnad frå pasient eller rutinemessig etter ei høyreapparattilpassing.

Før

Dersom du opplever problem med høyreapparata dine, anbefaler vi at du les brukarrettleiinga først. Om høyreapparatet er defekt, kan du spare tid ved å sende det direkte til leverandør.

Om du har timer for å evaluere nye høyreapparat, er det viktig at du har blitt kjent med høyreapparata over tid og at du har notert eventuelle problem undervegs.

Under

Vi ønsker å kartlegge dei behova du har og kva slags erfaringar du har gjort deg med høyreapparatet.

Audiografen vil justere både lyd og passform, og dessutan vurdere behovet for ytterlegare hjelpemiddel. Du kan om nødvendig bli tilvist vidare.

Du får ein repetisjon av bruk og stell av høyreapparata.

Dersom du har høyreapparat på utprøving, skal vi saman vurdere om dei passar til deg og behova dine. Dersom apparata fungerer etter hensikta, blir det sendt eit Nav-skjema til leverandøren og høyreapparata blir dine.

Vi anbefaler sterkt at du forsikrar høyreapparata. Eit høyreapparat har ein erstatningsverdi på mellom 10.000 og 20.000 kroner. Verdien står på kopien din av Nav-skjemaet.

Etter

Du er sjølv ansvarleg for å halde høyreapparata i orden. Du har rett på å søke om nye høyreapparat kvart sjette år.

Ver merksam

Om du merkar svekking i anten høyrsel eller høyreapparat, kan du kontakte oss eller høyreapparatleverandøren.

Sist faglig oppdatert 09.09.2026

Kontakt

Haugesund sjukehus Øre-nese-hals

Kontakt Øre-nese-hals

Oppmøtestad

Haugesund: ØNH-avdelinga og høyrselsentralen held til i 1. etasje ved Haugesund sjukehus. Bruk hovudinngangen og gå forbi resepsjonen og sjukehusapoteket. Du finn oss i enden av korridoren.

Stord: Høyrselsentralen ligg i 1. etasje i den kvite bygningen ved sida av hovudbygget til Stord sjukehus.

Odda: ØNH-poliklinikken ligg i 1. etasje på Odda sjukehus. Poliklinikken har eige venterom.

Ved tilpassing av høyreapparat, anbefaler vi at pasienten har med seg følge/pårørande. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64

5416 Stord

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10

5750 Odda

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland