Undersøking

Høyrselstest – oppfølging etter høyrselsscreening hos nyfødde

Alle nyfødde i Noreg blir høyrselsscreena. Dersom testen ikkje er godkjend, viser vi barnet til høyrselssentral for vidare oppfølging.

Symptom

Det er viktig å teste høyrselen til barnet så tidleg som mogleg for å få sett i gang eventuelle tiltak så raskt som mogleg.

Undersøkinga kan ta frå 10 minutt til 2 timar. Det er derfor viktig at de set av god tid til å følgje barnet. Ta med vogn og det de treng av mat og utstyr til stell.

Det er fint om de planlegg slik at det er god moglegheit for at barnet søv under undersøkinga.

Før

Fødeavdelinga gjennomfører ei høyrselsscreening av alle nyfødde rett etter fødsel ved ein metode som blir kalla OAE (otoakustiske emisjonar).

Under

Om barnet ikkje søv innan ein halv time eller de veit at barnet ikkje sovnar lett, tilbyr vi melatonin. Melatonin er kroppen sitt eige søvnhormon og framkallar naturleg søvn. Det kan trygt brukast på barn.

Når barnet søv, gjennomfører vi ei utvida høyrselsscreening. Den er basert på same utstyr som fødeavdelingane bruker, men utstyret er litt meir avansert og gir meir informasjon.

Målet er å teste funksjonen til det indre øyret. Vi set ein liten propp i øyregangen til barnet. Deretter blir klikkelydar sende inn i øyret. Dei kjem tilbake som målbart "ekko" på måleutstyret.

Om testen ikkje gir ønskt resultat eller han er problematisk å gjennomføre, kan høyrselssentralen gjennomføre ein automatisk hjernestammerespons audiometri. Det blir ofte kalla AABR.

Det betyr at det tre små elektrodar blir festa på hovudet og nakken til barnet, samtidig som det blir sendt lyd inn i øyret ved hjelp av ein øyrepropp. AABR-målinga viser om høyrselen til barnet ligg innanfor det definerte normalområdet på 2000 til 4000 Hz (lyse tonar).

Testane er ufarlege og smertefrie.

Etter

Dette er ei tidleg høyrselsundersøking. Det er viktig at dei vanlege kontrollane ved helsestasjonen blir følgde. Det kan oppstå høyrselstap også etter fødselen.

Kontakt

Haugesund sjukehus Øre-nese-hals

Kontakt Øre-nese-hals

Oppmøtestad

Våre lokalar er i 1. etasje ved Haugesund sjukehus. Du kan bruke hovudinngangen og passere resepsjonen og sjukehusapoteket - du finn oss heilt i enden av korridoren.

Ved tilpassing av høyreapparat, anbefaler vi at pasienten har med seg følge/pårørande. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​