Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Diagnose

Høyreapparat

Eit høyreapparat er eit teknisk hjelpemiddel som hjelper deg til å høyre betre. Høyreapparatet kan likevel aldri erstatte normal høyrsel. Vi tilpassar høyreapparat til både barn og vaksne, med små og store høyrselstap.

Det er mange typar høyreapparat på marknaden. Kva type som passar best for deg avhenger først og fremst av kor stort høyrselstapet ditt er. Andre viktige faktorar er syn og kor førleg du er i fingrane.

Tilvising og vurdering

Viss du ønsker å få ei vurdering av høyrsla di hos oss, tar du kontakt med din fastlege.

Utgreiing

Før du kjem til din første time kan det vere lurt å tenke over høyrsla di og kvardagen din. Er du motivert til å få hjelpemiddel dersom det viser seg at du har eit høyrselstap? I kva situasjonar føler du at du slit med høyrsla? Kva forventningar har du? Du må gjerne spørre familie eller venner om dei har lagt merke til endringar i høyrsla di.

Behandling

Ved første besøk vil du treffe både lege og audiograf. Vi set av 60-90 minutt til dette.  Legen, ein øyre-nase-hals-spesialist, sjekker øyrene dine for øyrevoks og eventuelle øresjukdommar. Ein audiograf er spesialist innan høyrsel og høyreapparat. Audiografen tar høyreprøve av deg og går igjennom resultatet med deg. Dersom det er aktuelt å prøve høyreapparat, får du vite kva type som passar best til ditt høyrselstap. Du og audigrafen blir saman einige om vidare forløp. Du får ny time, som regel innan éin månad, der du kjem tilbake for å få tilpassa høyreapparatet/høyreapparata.


Det er audiografen som følger deg vidare. Audiografen tilpassar og programmerar inn høyreapparatet som du skal ha på utlån. Du vil få all nødvendig informasjon om korleis du skal bruke høyreapparatet. For ein førstegangsbrukar dukkar det ofte opp mange spørsmål. Du kan gjerne ta med deg nokon til timen din hos oss, fordi du får mykje informasjon det kan vere vanskeleg å hugse. Time med tilpassing av høyreapparat tar ca 1 time.

Du vil bli fulgt opp på kontrollar kvar månad i utprøvingsperioden. Dersom du har lang reiseveg, kan vi følge deg opp per telefon. Kor mange kontrollar du treng avhenger av korelis utprøvingsperioden går. Kontrolltimane tar ca 30 minutt.

Oppfølging

Når utprøvingsperioden er avslutta, har du ikkje fleire faste kontrollar.

Service på høyreapparat

Dersom det er noko gale med dine høyreapparat eller du treng justering, kan du bestille servicetime på tlf 52 73 26 48. Du treng ikkje ny tilvising for å bestille servicetime.  Du kan også levere høyreapparatet til vår skranke ved øyre-nase-hals. Høyreapparata vil bli sjekka innan éi veke. Av og til må høyreapparata sendast inn til leverandøren. Audiografen kontaktar deg når høyreapparatene er klare for henting eller informerer om at dei må sendast inn.  Viss høyreapparata må sendast vidare, må du forvente at det går 2-4 veker før dei er tilbake igjen. Dette kjem an på kva som må reparerast. Viss apparatet er knust eller nokre delar er knekt må apparatet sendas inn. Du kan sende apparatet direkte inn til leverandøren sjølv. Informasjon om høyreapparat og leverandør står i papirene som du har fått av sjukehuset.

Dersom du har fått høyreapparat hos ein privat avtalespesialist, må du kontakte denne spesialisten for servicetime.  

Nye apparat

Nav dekker utgifter til nye høyreapparat kvart sjette år. For å få nye treng du ikkje tilvising, så lenge du tidlegare har fått utlevert høyreapparat hos oss. 

Kontakt

Haugesund sjukehus Øre-nese-hals

Kontakt Øre-nese-hals

Oppmøtestad

Våre lokalar er i første etasje ved Haugesund sjukehus. Du kan bruke hovudinngangen og passere resepsjonen og sjukehusapoteket - du finn oss heilt i enden av korridoren.

Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​