Etter operasjonen blir du observert i nokre timar. I dei fleste tilfelle kan du reise heim same dag. I nokre tilfelle kan det bli aktuelt med sjukhusinnlegging eller overnatting på hotell.
Bandasjen rundt hovudet blir fjerna 1-2 dagar etter operasjonen.
Første døgn kan det vere litt sårsmerter, men generelt er det relativt lite smerter etter inngrepet.
Det gelatinliknande stoffet og salvestrimmelen fører til at høyrsla blir forbigåande dårlegare like etter operasjonen. Gelatinbitane i mellomøyret løyser seg opp etter nokre veker. Bandasjen i øyregangen må fjernast etter ca 1-3 veker, og høyrsla vil gradvis bli betre igjen dei første 6-8 vekene.
Du skal ta det med ro den første veka etter operasjonen. Du skal ikkje løfte tungt, få vatn i eller på øyret og unngå all for form for fysisk aktivitet som gir auka puls og blodtrykk. Du skal ikkje fly dei første 4 vekene.
Ved første kontroll blir eventuelle sting fjerna. Du kan då dusje, men pass på å ikkje få vatn inn i øyregangen. Dette kan du forebyggje ved å bruke ein bomullsdott med vaselin.
Normalt blir neste kontroll 3 månadar etter operasjonen. Det vil då bli gjennomført ny høyrselstest. Vidare kontrollar blir avtalt individuelt.
Avhengig av yrke må du rekne med sjukemelding i 2-4 veker.