Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Intravitreal injeksjon (IVI) er ei sprøyte med ein liten dose legemiddel, som blir sett direkte i auget.
Før injeksjonen vil du få lokalbedøvande augedropar.
Først blir området rundt auget vaska med eit mildt desinfiserande middel for å førebygge infeksjon. Auget blir halde ope ved hjelp av ei augelokksperre, og du får injeksjonen i den kvite delen av auget.
Dei fleste pasientar opplever dette problemfritt. Nokre pasientar kan kjenne eit lett trykk på auget når sprøyta blir sett.
Du finn oss i 4. etasje på Haugesund sjukehus. Ta heisen ved resepsjonen. Når du kjem ut av heisen, går du til høgre og følgjer gangen til ventesone 4C.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund