Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Kneprotese, operasjon

Ein kneproteseoperasjon kan vere aktuelt ved slitasjegikt (artrose) i kneet, brotskadar, medfødde skadar eller andre forandringar i kneet. Det øydelagde og ofte smertefulle leddet blir skifta ut med ein protese.

Kneprotesar finst som delprotesar (unikondylære proteser) og totalprotesar. Ved totalprotesar blir heile enden av lårbeinet (femur) og leggbeinet (tibia) bytt ut. Ved delprotesar er det berre innsida (medialt) eller kun utsida (lateralt) eller kun leddet mellom kneskåla og lårbeidet som blir erstatta av ein protese.

Ortopeden tar stilling til kva type protese som eignar seg best for deg.

Før

Faste og medisinar

På operasjonsdagen skal du møte fastande, det vil seie ikkje ete, drikke, røyke, snuse eller ta pastillar/drops innan midnatt kvelden før operasjon. Du må berre ta eventuelle medisinar som anestesilegen på førehand har sagt er sikre å bruke.

Under

Ved kneoperasjonar set vi i dei aller fleste tilfelle bedøvinga i ryggen. Dette er ei såkalla spinalbedøving der du er vaken. Av og til vel ein narkose i samråd med anestesilegen, og du vil då sove under inngrepet.

En anestesisjukepleiar sit ved sida av deg under heile operasjonen. Han eller ho er din kontaktperson og passar på at du har det bra. Du skal ikkje kjenne smerte.  Derimot vil du merke litt risting i kroppen mens ortopeden skiftar leddet. Du vil også kunne høyre hamring, saging og boring.

Dersom du ønsker det, kan du høyre på musikk under operasjonen. Du har anledning til å ta med dette sjølv eller låne hos oss.

Operasjonstid for kneprotesar varierer noko, men ligg vanlegvis på cirka 90 minutt.

Etter

Start opptreninga

Begynn med sirkulasjonsøvingar i senga så fort du kan bevege beina. Det viktigaste tiltaket for å førebygge blodpropp og få att funksjonen, er å kome seg opp på beina så hurtig som mogleg. Du vil tidleg bli hjelpt opp av senga for å stå og bevege deg litt.

Den viktigaste opptreninga etter proteseoperasjon er å kome i gong med dagleglivets aktivitetar. Eigentrening i form av bevegelse, styrke, balanse og koordinasjon er viktig for resultatet av operasjonen. Du skal følge eigentreningsprogrammet du får av fysioterapeut på sjukehuset. 

Du har rett på fysikalsk behandling i inntil 6 månader etter operasjonen. Etter at du kjem heim skal du starte med trening veileda av fysioterapeut. Du må trene med fysioterapeut 2-3 ganger per veke i fleire månader etter operasjonen. Vi anbefalar at du tar kontakt med fysioterapeut og avtaler timer i god tid før operasjonen. 

Smerter

Den første tida oppstår det naturleg nok ein del smerter rundt det opererte kneet. Smertene blir lindra med medisinar, og desse skal du ta med jamne mellomrom og til avtalte tider. Du skal ikkje vente til du kjenner auka smerter før du tar smertestillande. Dette for å unngå såkalla smertetoppar. Erfaring viser at det tar lenger tid å få redusert smertene igjen når slike periodar oppstår. Har du mykje smerter til trass for at du tar dei medisinane du er bedt om, er det viktig at du seier i frå til personalet. Då kan du få andre medisinar i tillegg.

Ver merksam

Kontakt avdelinga dersom du får nokre av disse plagene:

  • Tung pust
  • Bløding i såret
  • Væske fra såret
  • Aukande hevelse, raude eller smerte frå såret
  • Aukande hevelse i eit eller begge bein
  • Sjukdomskjensle/nedsett allmenntilstand
  • Svimmelheit eller svime
  • ​ Feber

Blir du akutt sjuk, ring 113.

 

Kontakt

Haugesund sjukehus Ortopedi, Haugesund

Kontakt Ortopedi, Haugesund

Oppmøtestad

1. etasje
Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​