Diagnose
Kols
Kronisk obstruktiv lungesjukdom (kols) er fellesnemninga for kronisk bronkitt og emfysem. Sjukdommen fører til hindra luftstraum gjennom luftvegane og nedsett elastisitet i lungevevet. Sjukdommen kan førebyggast, og når ein startar tidleg med behandling kan ein bremse utviklinga. Kols er eit folkehelseproblem, og førekomsten er aukande både i Noreg og i resten av verda.
Tilvising og vurdering
Det er fastlegen som tilviser til utgreiing. Tilvisinga skal vurderast av overlege ved lungemedisinsk avdeling. Når tilvisinga er vurdert, får du innkalling til utgreiing. Kor alvorlege plagene dine er, er avgjerande for når du får legetime.
Utredning
Kols-diagnosen kan stillast ut frå sjukehistorie, symptom og resultat av legeundersøkingar. Diagnosen må stadfestast med følgjande undersøkingar:
Behandling
Med kols trenger du livslang oppfølging og behandling. Måla for behandlinga er å lindre plager (symptom), bremse utvikling av sjukdommen og førebygge akutte forverringar.
Ved stabil kols får du oppfølging av fastlegen din 1 - 2 gongar i året, avhengig av kor alvorleg du er ramma. Du får medikamentell behandling i form av luftvegsutvidande- og betennelsedempande medisinar.
Pasientar med kols opplev av og til forbigåande forverring (exacerbasjon). Ei forverring inneber at du blir meir tungpusten, får meir hoste og meir oppspytt, med eller utan farge, og/eller andre øvre og nedre luftvegssymptom. Då må du få behandling straks. Dei fleste kan få behandling og oppfølging hos fastlegen sin, men ved alvorleg akutt forverring kan det vere nødvendig med innlegging på sjukehus.
- Medikamentell behandling består som regel av medisinar som verkar avslappande på musklane i luftvegane, betennelsedempande medisinar (steroider) og antibiotika ved infeksjon.
- Surstoff/oksygen behandling og/eller pustestøtte kan bli gitt ved teikn på lungesvikt.
Oppfølging
Pasientar som har vore innlagt på sjukehus på grunn av kolsforverring, bør få kontroll hos fastlegen innan 2 - 4 veker etter utskiving. Ved stabil kols får du oppfølging av fastlegen din 1 - 2 gongar i året, avhengig av kor alvorleg du er ramma. Nokre pasientar blir fulgt opp av lege ved poliklinikk eller privat spesialist.
Lungerehabilitering kan også vere aktuelt for enkelte. Lungerehabilitering omfattar trening, opplæring til eigenmeistring av sjukdommen og rådgiving. Fleire yrkesgrupper er involverte, som for eksempel lege, sjukepleiar, fysioterapeut og ergoterapeut. Vi lagar eit program som er tilpassa kvar enkelt deltakar. Både fastlege og lungespesialist kan tilvise til lungerehabilitering, dersom pasienten er utgreidd og optimalt behandla med medisinar.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Lungemedisin, Haugesund sjukehus
Oppmøtestad
Lungemedisinsk seksjon ligg i austre del av 2. etasje ved Haugesund sjukehus.
Vi har resepsjon i midtre del av blokka. Dersom du bruker heisen ved resepsjonen i 1. etasje, kjem du ut like ved luka vår i 2. etasje.
Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund