Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Ved ernæringsrelaterte sjukdommar og tilstandar kan ein klinisk ernæringsfysiolog gi kostrettleiing og ernæringsbehandling, både individuelt og i gruppe.
Pasientar som har behov for tenester frå klinisk ernæringsfysiolog, blir tilvist til oss frå andre avdelingar ved sjukehuset.
Eventuelle skjema som du har mottatt saman med innkallinga, må du fylle ut og ta med. Dersom du har tatt relevante prøver eller undersøkingar utanfor sjukehuset, må du gjerne ta med deg resultatet av desse.
Ved behov for oppfølging skjer dette i samarbeid med tilvisande avdeling.