I løpet av utgreiinga blir det gjort undersøkingar av deg for å avklare om du har kreft eller ikkje. Du blir undersøkt av lege. Vi tar blodprøver og eventuelt også beinmergsprøve og røntgenundersøkingar.
Ein spesialanalyse (immunfenotyping) av blod kan oftast fastslå om det er kronisk lymfatisk leukemi. Svar på denne ligg oftast føre få dagar etter at prøva er tatt. I nokre tilfelle treng vi kartlegging av genetiske forhold ved sjukdommen, eller CT-undersøkingar. I slike tilfelle kan det ta rundt tre veker før kartlegging er fullført.
Når resultata frå undersøkingane og prøvene er klare, vil vi som oftast kunne avklare om du har kreft eller ikkje, og vi tar avgjerd om diagnose.
Pakkeforløp heim
Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet går vi gjennom dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.
