Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Diagnose

Lågt stoffskifte

Hypotyreose betyr at skjoldbruskkjertelen ikkje produserer nok hormon. Det viktigaste hormonet er thyroksin.

Lavt stoffskifte betyr at skjoldbruskkjertelen ikke lager nok stoffskiftehormon. Det kan gi forskjellige symptomer, som for eksempel tretthet, treg mage, vektøkning og frysninger. Lavt stoffskifte behandles ved å tilføre tyroksin i tablettform.

Skjoldbruskkjertelen (thyroidea) er en kjertel på halsen nedenfor strupehodet. Den produserer hormoner som føres med blodstrømmen til celler i hele kroppen. Det viktigste hormonet kalles tyroksin. Tyroksin hjelper til med å kontrollere hvor raskt kroppen bruker energien fra mat (stoffskiftet).

Les meir på helsenorge.no

Den vanlegaste årsaka til hypotyreose er at kroppens eige forsvarssystem har øydelagt skjoldbruskkjertelen sin funksjon. Ein kjenner ikke til årsakene fullt ut, men veit at arv spelar ei rolle. Stråling, medikament og operasjonar kan også føre til svikt i produksjon av thyroksin.

Tilvising og vurdering

Dersom du har primær hypotyreose utan tilleggsproblem, skjer utgreiing og behandling hos fastlegen din. Fastlege kan vise deg til sjukehus dersom du treng vidare utgreiing eller behandling.

Tilvisinga må innehalde opplysningar om

  • grad av hypotyreose (blodprøvesvar: TSH, fritt T4 og anti TPO)
  • mistanke om annan endokrin svikt
  • andre sjukdomar, spesielt andre immunologiske sjukdomar
  • graviditet
  • fertilitetsproblem

Utredning

Blodprøvar vil gi svar på om stoffskiftet er høgt, lågt eller normalt. Vanlegvis gjer fastlegen din dette. Lege vil også vurdere andre diagnosar som kan forklare symptoma eller ha betydning for behandlingstiltak.

Behandling

Behandlinga er medisinar. I nokre tilfelle vel ein å vente med oppstart med medisinar, og følgjer opp med jamlege blodprøvar.

Medikamentell behandling med levothyroksin:
Behandlinga blir følgt opp med blodprøvar for kontrollere at ein oppnår normalisering av hormonnivå. Nokre pasientar, for eksempel pasientar over 60 år eller pasientar med hjartesjukdom, vil ha behov for sakte opptrapping av dosen.

Doseendring kan vere naudsynt ved vektendring og aldring eller ved kombinasjon med andre medikament som for eksempel: østrogener, androgener, tyrosinkinasehemmere, fenobarbital, fenytoin, karbamazepin, rifampin, sertralin, laksantia.

Oppfølging

I dei fleste tilfelle er medikamentell behandling livslang og det er tilrådd å ta blodprøvar for kontroll 1-2 gonger i året. Desse kan du ta hos fastlegen.

Kontakt

Haugesund sjukehus Haugesund sjukehus

Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​