Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Langtids mekanisk ventilasjon (LTMV) og hjemmerespirator

Langtids mekanisk ventilasjon (LTMV), eller mekanisk pustestøtte, omfattar behandling med visse typar pustemaskinar som hovudsakleg blir brukte utanfor sjukehus eller i heimen. Det er apparat med datastyrte, elektroniske turbinar som kan presse meir luft i lungene. Lufta blir tilført via ein slange, vanlegvis med maske over nasen eller nase- og munn. Maskinen kan redusere eller overta pustearbeidet for pasientar som har svake pustemusklar. I alvorlege tilfelle kan behandlinga vere nødvendig heile døgnet, men for mange pasientar er det berre nødvendig med behandling under søvn. Målet med behandlinga er å halde oppe og/eller betre helse og livskvalitet.

Apparata som blir brukte blir også omtalte som heimerespirator. I dag blir nemninga vanlegvis brukt om dei mest avanserte maskinane som blir nytta ved livsnødvendig behandling. Det pusteapparatet som blir mest brukt i dag er mindre avansert og har typenemninga «bilevel positive airway pressura» – apparat (BiPAP). I nokre tilfelle er også andre pustetekniske hjelpemiddel nødvendige når ein får LTMV. Det kan til dømes vere sug eller hostemaskin for å fjerne slim frå luftvegane, forstøvarapparat for å løyse slim, eventuelt oksygenapparat for å auke konsentrasjonen av oksygen i lufta frå pusteapparatet.

Kven treng LTMV?

Pasientar som treng denne typen behandling har ofte sjukdom eller skade i nerve-, muskel-apparatet som er nødvendig for å puste normalt, men lungesjukdom kan også vere ei årsak i nokre tilfelle. Når evna til å puste tilstrekkeleg blir svekt, oppstår ein pustesvikt som blir kalla underventilering (hypoventilasjon). Det finst ei lang rekkje nevrologisk sjukdommar eller skadar som kan forårsake dette og mange er relativt sjeldne, med svært ulikt forløp. Det er sjukdommar som kan ramme alle aldersgrupper, inkludert medfødde tilstandar.

Pustesvikt betyr at kroppen får for lite oksygen til forbrenninga eller at avfallsgassen etter forbrenninga, karbondioksid, hopar seg opp i kroppen. Årsaker til at dette hender kan vere mange, både akutte og kroniske sjukdommar. Årsak til kronisk pustesvikt kan vere sjukdom i sjølve lunga eller i pustemusklar, kontrollen til nervesystemet av pustefunksjonen og blodsirkulasjonen.

I lungene får blodet tilført oksygen og kvittar seg med karbondioksid, ein prosess som blir kalla gassutveksling. Gassane er oppløyste i blodet og oksygenet blir transporterte med raude blodlekamar frå lungene ut til cellene i kroppen. Oksygen treng kroppen for forbrenning, og karbondioksid er avfallsgassen etter forbrenninga. For at nivået av desse gassane i kroppen skal vere normale, er vi avhengige av friske lunger, normal blodsirkulasjon, pustemusklar som kan «pumpe» luft inn og ut av lungene og eit nervesystem som kontrollerer pusteaktiviteten.

Sjukdom i pustemuskulaturen eller skade av nervar kan lamme pustemusklane og svekkje pumpefunksjonen. Når mindre luft kjem ned i lungene vil oksygeninnhaldet til kroppen søkke og karbondioksidet vil stige. På fagspråket blir kalla denne typen pustesvikt for underventilering eller hypoventilasjon.

Denne typen pustesvikt kan i mange tilfelle behandlast med ein pustemaskin, ei mekanisk pumpe. Når vi søv pustar vi mindre enn i vaken tilstand, sidan kroppen er i kvile. Pasientar med svikt i pumpefunksjonen er ofte utsette for større belastning under søvn. Reguleringa av pusten er også svakare under søvn sidan hjernen må ha søvn for å fungere normalt neste dag.

Dette betyr at svikt i pumpefunksjonen ofte viser seg først under søvn og ikkje nødvendigvis i vaken tilstand. På den andre sida kan pustesenteret ikkje tillate hjernen å sove så djupt at det blir livsfarleg dårleg nivå av blodgassar. Konsekvensen er at søvnen blir forstyrra og ein blir mindre opplagd neste dag.

Kronisk underventilering kan vere alvorleg og livstruande. Det kan oppstå akutt eller også blir utvikla langsamt. I mange tilfelle er det snakk om ein sjukdom som utviklar seg gradvis. Grunnsjukdommen kan vere arveleg, for eksempel ved nokre nevrologiske-/muskelsjukdommar, men oftast er årsaka ikkje arveleg, det vil seie erverva. Pustesvikt kan forverrast, eller halde fram som ei stabil, varig svekking. I nokre tilfelle kan pustesvikten også forsvinne eller blir betra, til dømes dersom ein nevrologisk skade blir reversert. Behandlinga kan då reduserast eller blir avslutta.

På nasjonalt plan finst eit eige register som både følgjer med på kvaliteten av behandlinga og driv forsking innanfor fagfeltet.

Les meir på nasjonalt register for LTMV

Arvelege nevromuskulære sjukdommar

  • Duchenne muskeldystrofi
  • Dystrofia myotonica
  • Limb Girdle muskeldystrofi
  • Fascioscapulohumeral muskeldystrofi (FSHMD)
  • Becker muskeldystrofi
  • Nemalin myopati
  • Central core
  • Emery Dreyfuss
  • Spinal muskelatrofi (SMA)
  • Charcot Marie Tooth polyneuropati

Erverva nevromuskulære sjukdommar

  • Følgjetilstand etter poliomyelitt
  • Hjerneskade (Cerebral parese, apopleksi og andre)
  • Ryggmergsskade/sjukdom
  • Amyotrofisk lateral sklerose (ALS)
  • Degenerative hjernesjukdommar
  • Parkinson
  • Multippel sklerose
  • Myasthenia gravis

Brystvegglidingar

  • Brystvegglidingar/skoliose
  • Thoracoplastikk og senfølger etter tuberkulose

Svikt i sentral respirasjonsregulering

Svikt i sentral respirasjonsregulering (Arnold-Chiari malformasjonar, Kongenitt sentral hypoventilasjonssyndrom)

Metabolske sjukdommar

  • Mitokondriell myopati
  • Mukolipidose

Tilstandar med obstruksjon i øvre luftvegar

Tilstandar med obstruksjon i øvre luftvegar (syndrom, ansiktshypoplasi, nevromuskulær sjukdom og anna).

Adipositas hypoventilasjonssyndrom

  • Adipositas hypoventilasjonssyndrom

Lungesjukdommar

  • Cystisk fibrose
  • Kronisk obstruktiv lungesjukdom (KOLS)
  • Lungeparenchymsykdom (hypoplasia, fibrose, sarkoidose) [bokmål: endre til sarkoidose]
  • Bronkopulmonal dysplasia

Vaksne

Hos pasientar som ikkje har livstruande pustesvikt vil symptom på underventilering ofte bli gradvis utvikla. Dersom ein lid av sjukdom som lammar mange ulike musklar i kroppen og det medfører sterkt innskrenka rørsle i armar og bein, vil ein ikkje merke like raskt at pumpefunksjonen til pustemusklane er redusert. Årsaka er at pustebehovet er redusert når aktivitetsnivået er redusert.

Dei første symptoma på underventilering kan derfor vere lite påfallande, som til dømes at søvnkvaliteten er dårlegare enn før. Ein kan kjenne seg uopplagt og lite utkvilt, eventuelt merke tendens til hovudverk om morgonen. Andre symptom kan vere at ein føler seg meir sliten enn før, at fysisk yteevne er redusert og at ein blir tungpusta ved berre å anstrenge seg litt. Generelt kan ein vere meir trøytt og søvnig, spesielt i situasjonar med litt monoton aktivitet, som ved lesing, TV-titting eller bilkøyring. Evna til å konsentrere seg, lære nytt eller huske normalt kan stundom bli dårlegare. Somme kan oppleve ei kjensle av mismot eller interesseløyse. Appetitten kan også bli redusert.

Sidan underventilering ofte utviklar seg langsamt over tid, kan det vere lett å oversjå symptom. Av og til kan det vere familie og venner som først blir merksame på at det har skjedd ei endring, som til dømes at ein verkar meir trøytt og ukonsentrert. Når puste- og hostemusklane er svake kan det lett hope seg opp for mykje slim i luftvegane og dette gir grobotn for bakteriar. I slike tilfelle kan auka tendens til luftvegsinfeksjonar også vere eit symptom på pustesvikt eller at det er behov for tilpassing av pustetekniske hjelpemiddel.

Barn

Også hos barn vil symptom ofte utviklast gradvis. Dei første teikna kan vere endra søvnkvalitet som kjem av pustesvikt under søvn. Hos dei yngste barna kan ein sjå generelle teikn på manglande trivsel og utvikling («faltering growth»). Eldre barn kan ha endra søvnkvalitet med uroleg søvn og hyppige oppvakningar, vasslating på natt (nokturi), nattesveitte eller auka trøyttleik. Ein kan også sjå hyperaktivitet, lærings og meistringsvanskar, morgonhovudverk eller vekttap på grunn av redusert matlyst og auka kaloriforbruk. Ved kronisk pustesvikt kan barna få hyppige tilbakevendande luftvegsinfeksjonar.  

 

Tilvising og vurdering

Nevrolog, allmennpraktikar eller annan behandlingsansvarleg lege kan vise til vurdering hos spesialist, som oftast lungelege eller barnelege.

Mistanke om underventilering vil som regel skuldast at legen finn ein kombinasjon av kjend grunnsjukdom (til dømes nevrologisk sjukdom) med auka risiko for pusteproblem eller at det er symptom som kan gi mistanke om pustesvikt og funn ved kliniske undersøkingar som støytter opp om ein slik diagnose.

Oversikt over sjukehus med spesialkompetanse i utgreiing og behandling av underventilering:

 

Universitetssykehuset Nord-Norge (UNN) – Tromsø

  • vaksen
  • barn

Universitetssykehuset Nord-Norge (UNN) – Harstad

  • vaksen

Nordlandssykehuset – Bodø

  • vaksen
  • barn

St. Olavs Hospital – Trondheim

  • vaksen
  • barn

Sykehuset Levanger

  • vaksen
  • barn

Ålesund sjukehus

  • vaksen
  • barn

Volda sjukehus

  • vaksen

Molde sjukehus – Kristiansund

  • vaksen

Oslo universitetssykehus (OUS) – avdeling Ullevål

  • vaksen
  • barn

Akershus universitetssykehus (Ahus) – Oslo

  • vaksen
  • barn

Sykehuset Innlandet – Gjøvik

  • vaksen

Sykehuset Innlandet – Elverum

  • vaksen
  • barn

Sjukehuset Innlandet – Lillehammer

  • vaksen
  • barn (oppfølging etter oppstart OUS)

Sørlandet sykehus – Kristiansand

  • vaksen
  • barn

Sørlandet sykehus – Arendal

  • vaksen

Sykehuset Vestfold – Tønsberg

  • vaksen
  • barn

Sykehuset Østfold – Fredrikstad/Kalnes

  • vaksen
  • barn

Vestre Viken – Drammen

  • vaksen
  • barn

Vestre Viken – Ringerike sjukehus – Hønefoss

  • vaksen

Vestre Viken – Bærum sjukehus

  • vaksen

Sykehuset Telemark – Skien

  • vaksen
  • barn

Lovisenberg Diakonale Sykehus

  • barn

Haukeland universitetssjukehus – Helse Bergen

  • vaksen
  • barn

Voss sjukehus – Helse Bergen

  • vaksen

Stavanger universitetssjukehus – Helse Stavanger

  • vaksen
  • barn

Førde sentralsjukehus

  • vaksen

Haugesund sjukehus

  • vaksen
  • barn

 

 

For oppdatert kunnskap om utgreiing, behandling og oppfølging, sjå temaet langtidsmekanisk ventilasjon (LTMV) på metodebok.no.

Nevromuskulære sjukdommar kan medføre auka risiko for utvikling av underventilering eller nattlege pustestoppar. Det bør derfor jamleg undersøkjast for utvikling av pustesvikt ved å etterspørje spesifikke sjukdomssymptom i tillegg til klinisk undersøking.

Andre tilstandar med auka risiko for kronisk underventilering kan vere svær fedme (adipøs hypoventilasjon) og brystvegglidingar (stiv brystkasse som følgje av skoliose, poliosekvele, tuberkulose eller annan sjukdom). Det finst også sjeldne sjukdommar med svikt i regulering av pusten, ofte medfødd eller med debut tidleg i barndommen. Ny kunnskap dei seinare åra tyder på at også enkelte pasientar med alvorleg lungesjukdom i form av KOLS grad 4 kan ha nytte av behandling med LTMV. Det er viktig i denne pasientgruppa at behandlingsindikasjonen blir vurdert i ein stabil fase og ikkje under eit akutt sjukehusopphald åleine.

Dersom spirometri er gjennomførbart, vil raskt fall i målingar og vitalkapasitet under 60 prosent av det som er forventa, kunne støtte mistanke om underventilering. Ved forsert spirometri er forholdet mellom FEV1 og FVC vanlegvis normalt eller høgt hos lungefriske pasientar og funksjonsnedsetjinga blir då klassifisert som restriktiv.

Risikoen for å utvikle pustesvikt kan vere høg, medium eller låg. Individuell vurdring avgjer kor tett ein pasient bør følgjast opp og kor raskt ein bør tilvise til spesialist. Døme på diagnose som ofte treng rask tilvising og oppfølging av lungefunksjon er ALS.

Ifølgje nasjonal prioriteringsrettleiar skal poliklinisk utgreiing av respirasjonssvikt vere innan 12 veker etter motteken tilvising, og kortare ved spesifikke tilleggskriterium.

Ved søvnrelaterte respirasjonslidingar skal utgreiing vere innan 6 månader etter motteken tilvising, og innan 12 veker ved spesifikke tilleggskriterium.

Tilvising til mogleg underventilering

Symptom

  • Trøyttleik på dagtid?
  • Ubehagelege oppvakningar?
  • Rapporterer sengepartnar om pustestopp på natt?
  • Hovudverk om morgonen?
  • Konsentrasjonsvanskar?
  • Hos barn – også hyperaktivitet, lærings- og meistringsvanskar og manglande vekstutvikling?
  • Nattleg vannlatning?
  • Dårleg matlyst og utmatting?
  • Gjentekne lungebetennelsar?
  • Palpitasjonar (hjartebank)?
  • Tachypne (auka pustefrekvens)?
  • Blir påverka privatliv, jobb? Funksjonsnivå?
  • Risiko i trafikken? Yrkessjåfør?
Funn
  • Vekt, høgd, BMI
  • Puls, BT
  • Respirasjonsfrekvens, bruk av hjelpemusklar til respirasjon?
  • Ødem?
  • Dårleg hosteevne? Nedsett kraft?
  • Sette ned spirometriverdier? (forskjell på sitjande og liggjande målingar)?
  • HostePEF?
  • Epworth søvnigheitsskala                                     
Andre sjukdommar / tilstandar
  • Hypertensjon, koronarlidelse, hjerneslag, hjartesvikt, atrieflimmer, diabetes mellitus, stoffskiftesjukdom, nevrologisk sjukdom, polio, brystveggliding, adipositas, KOLS?
  • Ventar på operasjon, tidlegare operert i nase eller hals (søvnapne)?
  • Misdanningar i ansikt/svelg eller medfødd syndrom?
Medikament
  • Medikament som kan verke respirasjonsdempande?
Stimulantia
  • Tobakk?
  • Alkohol?

Utgreiing

Behandling

Oppfølging

Ver merksam

BiPAP og CPAP

Vanlegaste komplikasjon til enkel behandling er biverknader av sjølve maska: Trykksår på huda, lekkasje, tørrheit i slimhinner og luft i magen.

Tørre slimhinner blir behandla med fukter integrerte i apparatet. Justering av maske eller skifte til annan masketype er stundom nødvendig dersom sår eller lekkasjeproblem. Eventuelt kan polstring av maske, mellombels vern av huda eller endring av innstillingane på pustemaskinen blir nytta. Av og til er det aktuelt å veksle mellom to ulike masketypar for å førebyggje hudproblem.

Respirator

Komplikasjonar til invasiv behandling (trakeostomi) kan vere alvorleg og stundom livstruande.

Luftvegsinfeksjonar eller problem knytte til sjølve stomi-opninga og kanylen er vanlegaste akutte hendingar. Slimpropp kan også finnast. Dette er ein sjeldan, men svært alvorleg hending som må kunne handterast av hjelpepersonale. Grundig og dokumentert opplæring, inklusiv handlingsplan for akutte hendingar er påkravd ved invasiv behandling.

Dersom grunnsjukdommen utviklar seg etter at behandlinga er byrja, kan ein merke tilbakefall av symptom på pustesvikt. Justering av maskeinnstillingar og/eller auka bruk av LTMV vil som regel betre situasjonen raskt. Teknisk svikt på maskinane finst sjeldan. Reserveutstyr og akutt beredskap skal vere etablert for dei som har livsopprettande behandling.

Kontakt

Haugesund sjukehus Lungemedisin, Haugesund sjukehus

Kontakt Lungemedisin, Haugesund sjukehus

Oppmøtestad

Lungemedisinsk seksjon ligg i austre del av 2. etasje ved Haugesund sjukehus.

Vi har resepsjon i midtre del av blokka. Dersom du bruker heisen ved resepsjonen i 1. etasje, kjem du ut like ved luka vår i 2. etasje.

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.