Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Lyskebrokk oppstår på grunn av ein feil eller svakheit i bukveggen. Det blir danna ein brokksekk av bukhinna som kan innehalde vev eller organ frå bukhulen.
Eit ukomplisert brokk gir som regel lite smerter. Det kan som regel trykkast inn, og krev sjeldan behandling. Dersom brokket set seg fast (blir innklemt) gir det til dels kraftige smerter og brokket blir hardt. Du kan også oppleve symptom som kvalme og oppkast. I slike tilfelle kan det bli nødvendig å operere akutt, og du bør snarast ta kontakt med lege.
Dersom du har plager frå brokket kan du be fastlegen din om ei tilvising til gastrokirurgisk avdeling for utgreiing, og dessutan vurdering for operasjon. Rettleiande frist for start av utgreiing er ifølge helsedirektoratet 26 veker. Det er også varierande ventetider for sjølve operasjonen.
Ein kirurg undersøker deg poliklinisk for å fastslå om kulen faktisk dreier seg om eit brokk. Viss dette framleis er uklart etter den kliniske undersøkinga kan det bli nødvendig å supplere med ultralyd eller CT-undersøking. Du får samtidig informasjon om moglege operasjonsmetodar og eventuelle komplikasjonar.
Om du har lyskebrokk, vurderer vi nå om du skal ha behandling og eventuelt kva behandling som er best for deg. Du har rett til å vere med å bestemme, og vi tar avgjerda saman med deg. Dette blir kalla samval.
Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.
Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:
Eit lyskebrokk vil aldri forsvinne av seg sjølv. Prinsippet bak kirurgisk behandling blir derfor å lukke sjølve defekten, og oftast med eit forsterkande nett. Dette gjer vi med open teknikk eller med kikhòlsteknikk. Kva metode som passar best for deg vil gastrokirurgen vurdere før operasjonen.
Alle operasjonar inneber ein viss risiko. Ved operasjon for lyskebrokk kan du blant anna risikere at brokket kjem tilbake. Dersom du har plager, kan du ofte få tilbod om ein ny operasjon.
Det er også risiko for smerter i lysken. Dette blir du informert om før operasjonen.
Dersom du røyker, er risikoen for slike problem mykje høgare. Vi anbefaler sterkt at alle som ønsker operasjon sluttar å røyke.
Mange kan bli opererte som dagkirurgisk pasient, det vil seie at du kjem og reiser heim same dag. Dersom du har fleire andre sjukdommar og/eller bur aleine, vil du få overnatte første natt på sjukehuset.
Dersom det er nødvendig med kontroll på sjukehuset eller hos fastlegen din etter behandlinga, får du beskjed om det før heimreise.
Dersom du har sting som må fjernast, vil du få beskjed om det. Dei fleste må ikkje fjerne nokon sting.
Såret i huda gror raskt, mens vevet under huda treng lengre tid på å gro.
Du vil få sjukmelding, lengda på denne avheng av kva du jobbar med.