Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Undersøkinga skjer ved hjelp av ei maskin som blir kalla autorefraktor. Den måler korreksjon (brillestyrke), og avstandssynet ditt blir testa ved at du les tal og bokstavar inne i maskina.
Det krevst ingen førebuingar før denne undersøkinga. Dersom du bruker kontaktlinser er det lurt å ta med etui til linsene, da du kanskje må ta dei av under undersøkinga.

Foto: St. Olavs hospital
Når du ser inn i autorefraktoren vil du sjå bilde av ein luftballong mens korreksjonen blir målt. Vi ønsker å måle synet med beste korreksjon, og vi vil derfor spørje deg om kor du ser best slik at vi finn den korreksjonen som du opplever som best.
Deretter ber vi deg lese linje for linje med tal og bokstavar heilt til det blir for lite eller for uklart til at du kan lese det.
Av og til kan det vere relevant å teste synet utan at det er korrigert, men testen skjer seg på same måte.
Undersøkinga krev litt konsentrasjon, og den tar cirka 5 minutt.
Legen bruker resultatet frå testen som eit ledd i si heilskaplege vurdering.
Du finn oss i 4. etasje på Haugesund sjukehus. Ta heisen ved resepsjonen. Når du kjem ut av heisen, går du til høgre og følgjer gangen til ventesone 4C.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund