Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Mastoiditt – betennelse i øyrebeinknuten

Betennelse i øyrebeinknuten blir kalla mastoiditt. Øyrebeinknuten er det beinete framspringet rett bak øyret. Akutt mastoiditt er ein sjeldan komplikasjon til øyrebetennelse og kan gi øyresmerter, feber, utståande øre, raudne i hud og øm kul bak øyret.

Infeksjon i tinningbenet eller ørebensknuten kalles mastoiditt. Ørebensknuten er det benete framspringet rett bak øret og en del av tinningbenet. Mastoiditt er en sjelden komplikasjon til ørebetennelse og kan gi øresmerter, feber og en øm hevelse bak øret.

Les meir på helsenorge.no

Symptom

Betennelsen spreier seg frå slimhinna i mellomøyret til øyrebeinknuten, og kan på sikt bryte ned beinvevet dersom betennelsen ikkje blir behandla. I sjeldne tilfelle kan betennelsen også spreie seg inn mot hjernehinner og hjerne (epiduralt) eller nedover på halsen.

Det er gjerne små barn som har hatt fleire mellomøyrebetennelsar som kan få betennelse i øyrebeinknuten. På sikt kan betennelsen bryte ned beinvevet og tilstanden krev at barnet blir innlagt på sjukehus for behandling.

Betennelsen kan gi symptom som feber, øyresmerter, redusert helsetilstand, nedsett høyrsel, og tømming av pussliknande væske ut gjennom øyregangen. Etter kvart stor ømheit over beinkula bak øyret, huda her blir raud og varm, og det kan utviklast synleg hevelse som gir eit utståande øre.

Det er viktig å komme i gang med behandling før det oppstår fleire komplikasjonar. Ubehandla kan betennelsen spreie seg til hjernehinnene eller blodet, og forårsake alvorleg og livstruande sjukdom.

Utgreiing

På sjukehuset vil øyre–nase–halslege undersøke barnet. Det blir tatt blodprøver for vurdering av alvorsgrada av infeksjonen og dersom mogleg ta ei bakterieprøve frå siving i øyret. Barnet blir smertelindra i hovudsak med paracetamol og ibuprofen.

Kva behandling barnet ditt får avheng av alvorsgrad. Vanlegvis får barnet antibiotika intravenøst, det vil seie rett i blodet gjennom ein venekanyle barnet får i hand, fot eller hovudet.

Ut frå helsetilstanden, klinikken og blodprøvesvaret til barnet blir det dagleg vurdert om barnet treng ytterlegare utgreiing med CT-undersøking og om det er indikasjon for operasjon.

Behandling

Konservativ behandling (ikkje operasjon). Antibiotika intravenøst, daglege blodprøver og vurdering av helsetilstanden til barnet.

Operasjon ved lettare grad av akutt mastoiditt. Øyre-nase-halslege lagar eit hol eller set inn eit dren (røyr) i trommehinna, slik at puss kan tømmast ut.

Operasjon ved moderat grad av akutt mastoiditt. I tillegg  til å lage eit hol eller sette inn eit dren (røyr) i trommehinna (paracsentese), slik at puss kan tømmast ut, blir øyrebeinknuten bora opp slik at puss også kan tømmast ut bak øyret (mastoidektomi). Det vil i dei fleste tilfelle bli lagde inn dren.

Ein eventuell operasjon blir utført i narkose. Barnet må da vere fastande.

Oppfølging

Utskriving frå sjukehuset er aktuelt når helsetilstanden til barnet er god og infeksjonen er under kontroll og i betring.

Behandling

Behandling med antibiotika held fram i 1 til 2 veker i form av mikstur eller tablettar.

Hygiene

Såret blir lukka med absorberbar tråd, slik at det ikkje er sting som treng å bli fjerna. Drenet blir som regel fjerna etter 2–3 dagar og deretter blir stripsa såra. Stinga vil falle ut av seg sjølve etter kvart. Følg oppfordringane om stell av operasjonssår hos barn og unge.

Smertelindring

Det er det venta ikkje behov for smertestillande etter heimreise. Kan ved behov få paracetamol.

Aktivitet

Små barn regulerer sin eigen aktivitet, dei kan leike og bevege seg fritt etter operasjonen.

Skolebarn og ungdom skal ikkje drive fysisk aktivitet i 2–3 veker etter operasjonen. Dette gjeld gym, fysisk aktivitet utanom skoletida, inkludert svømming. De får med bekrefting til skolen om gymfritak.

Kontroll

Barn som er opererte, vil bli kalla inn til kontroll 1–2 veker etter operasjon.

Alle barn uavhengig av type behandling får innkalling til etterkontroll etter 1 månad med høyreprøve. Dette for å sjekke at det ikkje har skjedd skade av høyrsel og for å sjå at mellomøyret er luftfylt.  

Kontroll

Kontakt sjukehuset dersom barnet får nokre av desse symptoma:

  • feber
  • aukande smerter
  • væsking frå øyret
  • sjukdomskjensle
Sist faglig oppdatert 04.01.2024

Kontakt

Haugesund sjukehus Øre-nese-hals

Kontakt Øre-nese-hals

Oppmøtestad

Haugesund: ØNH-avdelinga og høyrselsentralen held til i 1. etasje ved Haugesund sjukehus. Bruk hovudinngangen og gå forbi resepsjonen og sjukehusapoteket. Du finn oss i enden av korridoren.

Stord: Høyrselsentralen ligg i 1. etasje i den kvite bygningen ved sida av hovudbygget til Stord sjukehus.

Odda: ØNH-poliklinikken ligg i 1. etasje på Odda sjukehus. Poliklinikken har eige venterom.

Ved tilpassing av høyreapparat, anbefaler vi at pasienten har med seg følge/pårørande. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64

5416 Stord

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10

5750 Odda

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland