Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Medikamentallergi hos barn og unge

Medikamentallergi er allergiske reaksjonar på medikament. Ved medikamentallergi kan du blant anna få hudreaksjonar, tung pust og hevelse i ansiktet eller svelget. For å finne ut om barn og ungdom har medikamentallergi må vi gjere ein medikamentprovokasjon.

Før tilvising er det viktig å avklare med barnet/ungdommen og foreldra om dei ønsker utgreiing. Tilvisingsbrevet bør også innehalde at familien bekreftar dette.

Vi håpar at de kan hjelpe oss med dette ved å sikre at tilvisinga inneheld følgande opplysningar:

Siste eksponering

  • Kor lenge sidan?
  • Behandlingsindikasjon?
  • Type medikament, dose og administrasjonsmåte
  • Kor tidleg i behandlingssekvensen (dose/tablett nr.) og med kva tidsintervall etter siste dose utvikla pasienten symptom?
  • Kor raskt etter administrasjonen kom reaksjonen?
  • Ved hudutslett: Var det teikn på kløe og/eller urtikaria eller «berre» utslett?
  • Andre symptom på anafylaksi som pustevanskar, hevelse i ansiktet etc.?
  • Symptomvarigheit etter eksponering. For eksempel kor lenge varte utslettet?
  • Behandling gitt ved reaksjon?
  • Tidlegare eksponering: Har pasienten fått medikamentet tidlegare. Same reaksjon?

Pasientar med anamnese på straksallergi (< 1 time etter eksponering) bør greiast ut.

Sensibiliseringstestar av mistenkt medikament – tidlegare testar og nye som er maksimalt 3 månader gamle

  • S-IgE
  • Prikktest – inkludert resultat av histaminkontroll

Spirometri med reversibilitetstest

Andre atopiske sjukdommar, eventuelt behandling av desse (eksem, astma) og bekrefting på at desse er velkontrollerte.

Faste medisinar

Andre sjukdommar som kan gjere gjennomføring av provokasjon utfordrande.

Annan relevant informasjon

Utredning

Utgreiinga blir gjord på poliklinikken.

Vi tar først ein prikktest på aktuelt medikament:

Blodprøver blir tatte dersom det er aktuelt:

Resultata frå prikktesten og eventuelt blodprøver avgjer om vi skal gå vidare med medikament-provokasjonar.

Medikamentprovokasjonar

Medikamentprovokasjonar blir utførte for å avklare om barnet eller ungdommen har allergi:

Behandling

Behandling av medikamentallergi er å unngå det medikamentet som barnet/ungdommen er allergisk eller overfølsamt mot.

De vil få grundig informasjon om kva medikament barnet/ungdommen skal unngå.

Oppfølging

Kontrollar og nye provokasjonar blir avtalte for kvart enkelt barn/ungdom etter behov.

Sist faglig oppdatert 06.05.2026

Kontakt

Haugesund sjukehus Barn og ungdom poliklinikk

Kontakt Barn og ungdom poliklinikk

Oppmøtestad

Du finn oss i 3. etasje på Haugesund sjukehus. Ta trappene eller heisen ved Narvesen kiosken i 1. etasje for å kome til oss. Då kjem du rett til avdelinga vår i 3. etasje. Meld deg i skranken vår når du kjem.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF 

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 18:30
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund