Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Multiorgan inflammatorisk syndrom (MIS-C) er ein sjeldan betennelsessjukdom som kan oppstå etter Covid-19 hos barn og ungdom. Pasientane kan raskt bli alvorleg sjuke, med høg feber, symptom frå fleire organsystem, og sirkulasjonssvikt. Utfallet av sjukdomen etter behandling er god.
Barn med covid-19 har som regel milde symptom. Ein sjeldan gong kan barn og ungdom bli ramma av ein potensielt alvorleg tilstand 2–6 veker etter dei var smitta med koronaviruset SARS-CoV-2. Sjukdomen er ein betennelsestilstand som råkar fleire organ, oftast mage-tarmkanal, hjarte, hud og slimhinner. Pasienten treng ikkje å ha hatt nokre symptom i samband med den akutte infeksjonen med koronaviruset. Dei fleste pasientar med syndromet treng observasjon og behandling på sjukehus. Tilstanden kan forverre seg raskt, og tilvising til avdeling med kompetanse på intensivbehandling av barn er derfor viktig.
For å sannsynleggjere diagnosen må ein gjere ein grundig gjennomgang av pasienten sin sjukehistorie, klinisk undersøking, blodprøvar og andre testar. Utgreiinga skal også utelukke andre alvorlege tilstandar og infeksjonssjukdommar som kan gi blodforgifting (sepsis) og/eller råke organ som mage/tarmkanal, hjarte, og lunger. Fleire revmatiske tilstandar kan også ha liknande symptombilde og skal utelukkast. På sjukehuset undersøker vi mogleg påverknad av ulike organ, og det kan vere aktuelt med mellom anna ultralyd av hjarte og mage, røntgen/CT av lunger, EKG, EEG og spinalpunksjon.
Barn med denne tilstanden blir lagt inn på sjukehus. Barn utan risiko for eller teikn på alvorleg organskade kan observerast utan behandling på vanleg sengepost, men ofte må barn leggast inn på intensivavdeling. Dette er for å sikre tiltak som opprettheld forsyning av næring, sirkulasjon og surstoff til viktige organ. Ein sjeldan gong kan også pustemaskin (respirator) vere nødvendig. For å dempe betennelse og hindre seinare verknadar av sjukdomen gir vi immundempande medisin. Barna har auka risiko for blodpropp og får førebyggande behandling med blodfortynnande medisin.
Før barnet/ungdommen kan reise heim frå sjukehuset må allmenntilstand vere betra, og det må ikkje vere behov for oksygentilskot.
Du finn oss i 3. etasje på Haugesund sjukehus. Ta trappene eller heisen ved Narvesen kiosken i 1. etasje for å kome til oss. Då kjem du rett til avdelinga vår i 3. etasje. Meld deg i skranken vår når du kjem.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund