Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Livmorknutar (myomer) er vanlegvis ufarlege og gir ofte få symptom. Hos nokon kan dei forårsake smertefulle eller store menstruasjonsblødingar, men plagene blir vanlegvis betre etter overgangsalderen. Det finst effektiv behandling for livmorknutar.
Mindre enn halvparten av alle kvinner med livmorknutar får symptom. Men sit livmorknutane spesielle stader i livmorveggen, eller blir store, kan dei forårsake problem som:
Det er fastlegen eller den private gynekologen din som tilviser deg til utgreiing ved mistanke om muskelknutar på livmora.
Det er fleire faktorar som avgjer kor lang tid ein utgreiingsfase vil vare. Om du har store plager og blødingar, kan utgreiingsfasen bli kortare fordi du vil prioriterast framfor andre pasientar med mindre plager. Blir det nødvendig med fleire undersøkingar som eit ledd i utgreiinga di, vil dette gjere at utgreiingsfasen blir lengre. Til tider kan det vere mange pasientar som ventar på same behandling, dette kan også påverke ventetida.
Det er vanleg å få innkalling til ei undersøking på sjukehuset før eventuell behandling startar. Du vil bli undersøkt av ein lege som utfører ei gynekologisk undersøking og tar vaginal ultralyd. Andre tilleggsundersøkingar kan vere nødvendige for å bestemme kva slags behandling som vil vere best for deg.
Av og til kan livmorknutar bli behandla med medisinar. Det er fornuftig å prøve ut ulike medisinar for å sjå om det kan hjelpe før operasjon blir eit alternativ. Om livmorknutane dine skal behandlast med medisin, er det ikkje nødvendig å vere innlagd på sjukehus. Du vil da bli følgt opp med legetime på poliklinikken for å sjå om medisinane har ønskt og tilstrekkeleg effekt.
Dersom operasjon er den rette behandlinga for deg, vil du bli kalla inn på nytt til operasjonsførebuingar. Du vil da få snakke med tilsette som er involvert i behandlinga du skal gjennom; det kan vere sjukepleiar, lege, anestesilege eller fysioterapeut. Du vil få både skriftleg og munnleg informasjon om inngrepet, og du kan stille spørsmål.
Det finst ulike typar operasjonar som kan hjelpe. Nokre operasjonar blir gjorde som dagbehandling, og du kan reise heim same dag som operasjonen. Andre operasjonar krev innlegging og overnatting på sjukehus i 1–3 dagar etter operasjonen.
Ein operasjon der ein berre fjernar muskelknutar på livmora heiter myomektomi. Da beheld du livmora og du kan framleis få barn. Ikkje alle livmorknutar (myomer) er eigna for denne typen operasjon. Av og til kan muskelknutar ligge slik til at det ikkje er mogleg å fjerne berre muskelknuten. Da er andre operasjonsmetodar aktuelle:
Når du har blitt sjuk eller har eit helseproblem, finst det ofte fleire ulike moglegheiter for både undersøkingar og behandling.
Her finn du samvalsverktøy som kan hjelpe deg til å ta valet.
Kva behandling du får, vil avgjere behovet ditt for oppfølging etter behandlinga. Ofte er det tilstrekkeleg å bli følgt opp av fastlegen eller den private gynekologen din. Andre gonger vil du få ei innkalling til time på sjukehuset for å bli sett på av ein spesialist. Legen som behandlar deg, vil bestemme korleis du skal følgast opp etter avslutta behandling.
I tida etter operasjonen er det viktig at du tilpassar aktiviteten etter korleis kroppen fungerer. Her får du ei oversikt over omsyn ein må ta etter dei ulike operasjonane:
Ved kikhòlsoperasjon eller open kirurgi:
Ta direkte kontakt med sjukehuset på avdelinga som opererte deg dersom:
Ved reduksjon av livmorslimhinna:
Ta kontakt med lege dersom du får utflod kombinert med sterke smerter og feber over 38 grader.