Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Undersøkinga blir gjord for å kunne vise forandringar i dopaminaktiviteten av hjernen. Desse forandringane kan oppstå ved til dømes Parkinsons sjukdom. Vi nyttar eit sporstoff merkt med ei lita mengd radioaktivitet for å kunne seie noko om dopaminaktiviteten i hjernen. Vi bruker eit gammakamera eller ein SPECT/CT for å ta bileta.
Om du ikkje kan møte til timen, ber vi deg gi beskjed om dette så fort som mogleg etter at du har fått innkallingsbrevet.
Om du er gravid, kan vere gravid eller om du ammar, skal du ta kontakt med nukleærmedisinsk avdeling så raskt som mogleg etter at du har fått innkalling til undersøking. I dei aller fleste tilfella skal då denne undersøkinga ikkje gjennomførast.
Du får sett inn ein kanyle i ei blodåre i armen. Dette er nødvendig for å kunne gi deg stoffa som skal takast opp i kroppen din. Du vil få eit stoff som blokkerer opptak i skjoldbruskkjertelen, dette stoffet får du anten i blodåra eller som ein tablett.
Så får du eit sporstoff merkt med ei lita mengd radioaktivitet som blir teken opp i dopamintransporterar i hjernen. Vi tek bilete omtrent 3 timar etter at du har fått sporstoffet.
Når vi tek bileta må du liggje på ryggen med hovudet i ei hovudstøtte. Gammakameraet kjem nært hovudet ditt for å få så gode bilete som mogleg. Det tek omtrent 30 minutt å ta bileta.
Du kan reise heim når undersøkinga er ferdig.
Det tek nokre timar før den vesle mengda radioaktivitet er ute av kroppen din.
Bileta skal etterbehandlast og granskast av legar ved nukleærmedisin. Svar på undersøkinga blir sendt til legen som har tilvist deg.